Planmessig utbygging og grøn vekst

Os er ein av kommunane i landet som veks raskast. Ein slik vekst skaper fleire store moglegheiter for kommunen, men byr òg på ein del utfordringar.

Den viktigaste jobben for politikarar er å leggje til rette for at kommunen kan handtere veksten som kjem dei neste åra. Det gir politikarane eit ansvar for å finne gode løysingar når det gjeld veg, skule, barnehagar, sjukeheimsplassar og liknande.

Os Venstre meiner det er på tide med ein ny kurs når det gjeld utbyggingspolitikken i Os. I for lang tid har store utbyggarar fått etablere bustader i område som ikkje har den naudsynte infrastrukturen lagt til rette. Det er viktig at vi planlegg utbygginga på ein måte som gjer at vi kan vekse kontrollert.

Kontrollert vekst vil seie at vi til dømes byggjer i område vi veit at vegnettet kan handtere veksten og at vi har skuleplassar til elevane som kjem. Det er viktig å ha ein open og konstruktiv dialog med naboar i store utbyggingssaker for å gjere prosessen så god og ryddig som mogleg.

Av dei mange bustadane som blir bygt i kommunen er det diverre ikkje mange i ein prisklasse som er realistisk for unge vaksne. Os Venstre ønskjer å satse på utbygging av rimelege ungdomsbustader i kommunal regi.

Venstre vil:

  • Ha ein utbyggingspolitikk som er rettferdig, mindre tilfeldig og som tar vare på dei mange sterke kvalitane i Os.
  • Ha færre dispensasjonar i utbyggingssaker.
  • Betre busstilbodet i og til/frå Os.
  • Betre vegane ut til krinsane.
  • Fleire og betre gang og sykkelvegar.
  • Leggje press på Vegvesenet for støyreduserende tiltak langs Halhjemsvegen E39.
  • Gjennomgå arealplanen og omprioritera for å få ei meir miljøvenleg utbyggjing.
  • Setje klare krav til utbyggjarar og følgje opp at desse krava vert fulgt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**