Program

Her er Sveio Venstre sitt program for perioden 2019-2023.

Barnehage og skule

Alle barn har i dag rett på barnehageplass, men det har ein betydeleg kostnad for kvar einskild familie. Mange av dei som trenger det som mest nyttar seg difor ikkje fullt ut av tilbodet. For å sikre alle barns rett til ein best mogleg oppvekst vil Sveio Venstre oppretthalda full barnehagedekning i kommunen, samt innføra gratis barnehage og SFO for dei som treng det mest. Venstre vil òg jobba for å innføra søskenmoderasjon i SFO.

Sveio Venstre meiner at alle barn som veks opp i kommunen bør få likare moglegheiter, uavhengig av foreldra sin økonomi eller utdanning.
For å styrka valmoglegheitene i barnehagane vil Sveio Venstre på sikt innføre løpande barnehageopptak, men inntil lovverk mv. er klart vil me jobba for to opptak i året.

I dag går altfor mange elevar ut av ungdomsskulen utan å kunne rekne eller lese godt nok. Ved å styrka ressurstilgangen i barnehagen og dei første skuleåra lærar elevane meir og kostnadar til spesialundervisning seinare vert redusert, samstundes som det bidrar til redusert fråfall i den vidaregåande skulen. Sveio Venstre vil jobbe for å sikra ein slik ressurstilgang gjennom å fortsatt auke bevillingane til barnehagane, investere meir i grunnskulelærarar, gje ufaglærte i skule og barnehage naudsynt kompetanseheving, gjera fleire mellombelse stillingar permanente, samt krevje kompetansekrav for ressursar i SFO. Sveio Venstre vil òg ha fleire lærlingplassar innan oppvekst.

Sveio Venstre vil styrka dei praktisk-estetiske faga i grunnskulen. Ein måte å kunne gjera dette på er å nytta seg av kompetansen til kommunen sine kulturskulelærarar i grunnskuleutdanninga. Auking av midlar til rom og utstyr til sløyd, musikk, kunst og handtverk er òg naudsynt.

For at barn skal få lære i trygge og kjente rammer vil Sveio Venstre behalda dagens småskuler og barnehagar, og ikkje redusera tilboda ytterlegare med meir sentralisering.

Venstre vil oppretthalde og styrkja Førde skule som vaksenopplæringssenter og velkomstskule for innvandrarborn i kommunen. I samband med dette vil Sveio Venstre at «gamleskulen» vert rusta opp.

Kultur og idrett

Mange barn og unge i familiar med låg inntekt har ikkje moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar. For å bidra til meir inkludering og utjamning av sosiale skilnadar vil Sveio Venstre vera ein pådrivar for å få innført eit «fritidskort» eller liknande kommunale støtteordningar som skal gje barn og unge gratis eller rabattert tilgang til ulike fritidsaktivitetar i kommunen.

Venstre vil at fleire skal delta i både organisert og eigenorganisert aktivitet. Alle som ynskjer å drive idrett og fysisk aktivitet må få muligheita til det. Som eit steg på vegen for å oppnå dette målet vil Sveio Venstre jobbe for å auke andelen kommunale midlar som går til nærmiljøanlegg og folkehelsetiltak.

Sveio Venstre er positive til å etablere eit eiget kulturhus i kommunen.

Samferdsel og transport

Gode vegar er ein føresetnad for tryggleik når vi nyttar bil og buss, og for at vi skal kome fram dit vi skal. Venstre vil fortsette å jobbe for meir og betre vegvedlikehald, og prioritera dei mest trafikkerte områda i kommunen.

Venstre vil framleis jobba for å byggja ny Rophusveg i komande periode. Vi vil vera ein pådrivar for vidare utbetring av Fv. 6 mellom Sveio, Auklandshamn og Rød, utbetring av Fv. 541 mellom Nyheim/Ekrene og Buavåg, samt bygging av nye gang- og sykkelvegar og gatelys i tråd med vedtekne trafikksikringsplanar.

Sveio Venstre vil få fergja mellom Buavåg og Langevåg meir klimavenleg.

Klima og miljø

Sveio Venstre vil vera ein pådrivar for meir miljøvenleg pendling.
Over 1000 sveibuar køyrer mot Haugesund kvar dag for å arbeida.
Vi vil ha meir areal til utfartsparkering, fleire ladestasjonar, system for samkøyring i bil og betre/meir tilrettelegging for kollektivtrafikk vil redusera miljøbelastninga og kostnadene til den einskilde betrakteleg.

Sveio Venstre vil at den offentlege bilparken i kommunen skal vera utsleppsfri innan utgongen av 2023, og at alle nye kommunale/offentlege byggjeprosjekt vert utsleppsfrie og så energieffektive som mogleg, m.a. gjennom krav om plusshus og val av klimavenlege materialar. Vi vil vidare at det vert stilt miljøkrav til alle offentlege anskaffingar.

Venstre er for fornybar energi, men er kritisk til utbygging av vindkraftanlegg på land i Sveio. Vi vil ikkje godta vindmøller over verdiar knytt til verdifulle friluftsområde, landskap, naturmangfald, kulturmiljø, dyrka mark eller nært busetnad.

Sveio Venstre vil at det vert utført moglegheitsstudier knytt til potensiale for hydrogenproduksjon og tidevasskraft i kommunen.

Sveio Venstre er på lag med naturen, og vil vera ein pådrivar for å vedta ein eigen kommunedelplan for naturmangfald, innføre arealrekneskap i kommuneplanens arealdel, samt etablere ei målsetnad om eit arealnøytralt Sveio med null tap av natur, samt auka gjenbruk og fortetting av areal allereie utsett for menneskelege inngrep.

Landbruk

Venstre vil ha eit aktivt og berekraftig landbruk i Sveio.

Sveio Venstre vil:

  • At tilskotsmidlane kommunen har tilgjengeleg skal verte nytta til å skjøtte dei mest artsrike og verdifulle kulturlandskapa.
  • Definere klare kjerneområde for landbruk i kommuneplanen sin arealdel.
  • Vera meir kritisk til bygging på dyrka mark og artsrike kulturlandskap som t.d. slåttemark.
  • Oppmode gjennom kommunale- og regionale støtteordningar til at ein har meir tradisjonelle artar som beiter mykje ute, opne for meir utmarksbeiting og på den måte bidra til å ivareta utmarks- og heilandskapa i Sveio samt utnytte grovfôrressursane lokalt.

Velferd

Omsorgsbustadar skal bemannast forsvarleg for å ivareta både bebuarar og tilsette på ein god måte. Det same gjeld heimehjelp og heimesjukepleien slik at eldre og pleietrengande kan bo lengst mogleg heime.

Sveio Venstre vil fortsetje å ta initiativ til å etablere fleire kommunale bustader til flyktningar og andre som treng det, og meiner at dette på sikt kan vera økonomisk lønnsamt for kommunen.

Sveio Venstre vil gå inn for å få etablert eit nytt fengsel på Ekrene som skal tene regionen mellom Bergen og Stavanger.

Venstre vil ha fleire lærlingplassar knytt til velferd i kommunen.

Næring, verdiskaping og samfunnsutvikling

Venstre vil stimulera til ny og grøn verdiskaping i kommunen.
Vi meiner at tilrettelegging langs og nært E39 er viktig fordi dette er hovudåra nord-sør. Vidareutvikling av etablerte industri- og næringsområde langs E39 og
Fv. 47 burde prioriterast.

Venstre vil at Sveio skal utvikla bygdene sine.
Me må sørgje for god tilgang på bustadtomter òg i meir spreidde strøk av kommunen. Me vil at dei noverande bustadområda i kommuneplanen vert fortetta, samt at areala avsett til framtidig busetnad vert prioritert før fleire nye bustadområde vert lagt til.

Venstre vil jobbe for å realisere at 95 % av alle hushaldningar og verksemder i kommunen skal ha breibandtilgang med minimumshastighet på 100 Mbit/s, og at alle skal ha tilgang til stabile mobile tenester av god kvalitet der de normalt oppheld seg seinast innan utgangen av 2023.

Sveio Venstre vil halda oppe medlemskapet i Haugaland Vekst.

Havbruk

Venstre vil ha ei berekraftig havbruksnæring som ikkje er til hinder for ålment friluftsliv eller ferdsel til sjøs.

Opne akvakulturanlegg i sjø, som dei er i dag, er ikkje ein framtidsretta driftsform.
Sveio Venstre vil berre opne for nye akvakulturområde i sjøområde klassifisert med god eller betre økologisk og kjemisk tilstand. Vi vil vidare jobbe for at kommunen i nye sakar prioriterer aktørar som vil satsa berekraftig på lukka eller landbaserte oppdrettsanlegg.

Kommune- og regionsreform

Sveio Venstre meiner dagens grenser for fylke og kommune ikkje er hensiktsmessige.
Om lag 60 % av de sysselsette i Sveio pendlar dagleg ut av kommunen for å jobbe, dei fleste over fylkesgrensa til Rogaland. I tillegg kjem elevane som pendlar til vidaregåande skule i Haugesund.

Sveio Venstre meiner framleis at ei kommune- og regionreform vil syte for at me får ein meir heilskapleg politikk for heile regionen, med anna innan næringsutvikling, landbruk, klima, samferdsel, helse og utdanning. Me vil ta tilbake beslutningsmynda frå interkommunale selskap, og me vil få fleire oppgåver frå Stat og fylkeskommune tilbake til distriktet/regionen.

Me ønskjer ein større kommune på Haugalandet saman med Haugesund og kringliggjande kommunar. I tillegg må det verte jobba for at Rogaland slår seg saman med Vestland til eitt fylke. Ein sterk Haugalands- og Vestlandsregion vil gjere distriktet meir attraktivt for både næring og folk.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**