Storsatsing på skule

Skulen er ein del av grunnvollen i samfunnet vårt. Os Venstre ønskjer ei offensiv satsing på innhaldet i skulen.

Vi er heldige i Os kommune. Det er mange fantastiske lærarar, rektorar, assistentar og anna personell tilsett ved skulane. Vår jobb som politikarar er å leggje til rette i størst mogleg grad for å gje medarbeidarane best mogleg vilkår for å gjere jobben sin. Diverre er det ikkje slik i Os kommune i dag.

I den siste årsrapporen skildrar kommunalsjef for oppvekst og kultur ein situasjon der det ikkje er tilstrekkeleg rom for å styrke basisfaga, drive tilpassa opplæring og møte dei som har rett til spesialundervisning. Ein slik situasjon er ikkje akseptabel for Os Venstre.

Vi meiner vi må ha ei meir offensiv satsing på skulen. Det vil seie at kommunen bør følgje opp PPT-vedtak med direkte pengar ut til skulen, slik at dei kan følgje opp med spesialundervisning til dei elevane som har krav på dette. Vi vil prioritere tiltak som vil gjere det lettare for læraren å drive tilpassa opplæring for elevane.

Lærarane får stadig fleire oppgåver på seg. I tillegg til ordinær undervisning må dei bruke mykje tid på kontakt med instansar utanfor skulen, som mellom anna PPT og helsesøster. Det fører til at lærarane får mindre tid til å førebu undervisning og må bruke meir tid på papirarbeid og møte.

Os Venstre vil prioritere innføring av sosiallærar i skulen. Ein sosiallærar kan avlaste lærarane når det gjeld papirarbeid og kontakt med det kommunale apparatet. Ei anna sentral oppgåve for sosiallæraren vil vere å følgje opp elevane i skulekvardagen.

Venstre vil:

  • Styrke PPT/tilpassa opplæring.
  • Frigjere meir av læraren si tid i skulen.
  • Sette av pengar som skal følgje PPT-vedtak ut til skulane.
  • Opprusting av skuleplassar.
  • Etablere sosiallærar i skulen.
  • Bygge ny skule aust om elvo.
  • Handverk, musikk og formingsfag må styrkast.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**