Miljø

Venstre er det største miljøpartiet i Os kommune. Vi har over fleire år kjempa for å gjere Os til ein meir miljøvennleg kommune. Det er ikkje nokon tvil om at det med dagens styre i Os har vore vanskeleg å få gjennomslag for nye idear. Likevel har vi fått gjennomslag for fleire tiltak, mellom anna dei første kommunale elbilane .

Vi har som ambisjon at kommunen skal ha konkrete mål for å redusere energibruken. Os Venstre ønskjer at miljøplanen til kommunen skal vere eit førande styringsdokument. Kommunen bør gå føre som eit godt eksempel i miljøsatsinga, ikkje minst i utbyggingssaker.

Etableringa av Lyseparken næringspark i Endelausmarka bør ha eit miljøperspektiv. Her har Os eit unik høve til å bygge ein grøn og framtidsretta næringspark.

Venstre vil:

  • Kjøpe fleire kommunale elbilar.
  • Søke tilskot til klimatiltak.
  • Tenke miljø i utbyggingssaker.
  • Ta i bruk miljøvennleg teknologi.
  • Gjere bruk av solcellepanel på offentlege bygg.
  • Utreda høve til å kople på fjernvarme frå Rådalen.
  • Ikkje ha kolselskap i Os sin aksjeportefølgje
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**