Dyrevelferd

Foto: Namskogan familepark / flickr.com ( CC BY-NC-ND 2.0)

Os skal vere ein føregangskommune innan dyrevern og dyrevelferd.

Dyr har ein verdi i seg sjølv, og dyr skal behandlast med respekt. Os Venstre ønskjer å bidra til å skape eit betre samfunn for dyra ved å jobbe med og ta opp slike saker lokalt, samt ved å legge press på nasjonale myndigheter i saker knytt til dyrevelferd.

Noko av det viktigaste Os kommune kan bidra med, er å sikre at det finst eit apparat som kan førebygge og oppdage dyremishandling og hjelpe dei mishandla dyra. Dyrevernnemnda er Mattilsynet sitt organ med folkevalde medlemmer som skal sjå til at kjæledyr blir behandla godt. Den har ein krevjande jobb som tek tid og ofte ikkje gir særleg betre tilhøve for dyra. Mattilsynet har sjølv oppsyn med gardsdyr, og gjer det dei kan med små ressursar. Men sjølv om dei har fått eit betre lovverket for husdyr i ryggen, manglar dei likevel naudsynt kunnskap og tid til å handtera saker godt nok.

Dersom ikkje nasjonale myndigheter tar ansvar og avviklar pelsdyroppdrett og forbyr ville dyr i sirkus, meiner vi at kommunane sjølve må ta ansvar for at slik dyremishandling ikkje skal skje. Os bør ikkje legge til rette for pelsdyrfarmar i kommunen, og bør nekte å leige ut areal til sirkus som på sine framsyningar i Norge har med ville dyr.

Venstre vil:

  • Tett samarbeid med dyrevernsnemnda og evt. dyrepoliti.
  • Støtte ein haldningskampanje for sterilisering, kastrering og chiping av kattar
  • Nekte å leige areal til sirkus med ville dyr.
  • Ikkje støtte etablering av pelsdyrfarmar i kommunen.
  • Jobba for fleire hundeparkar.
  • Ta initiativ til eit tettare tverrfagleg samarbeid om dyrevelferd.

Les Os Venstre sitt program her

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**