Framtidas Os – Ein stad folk vil bu og vera stolte av!

Sveinung Stensletten
Sveinung Stensletten, Silje Lepsøy

Os er ein bra stad å bu og mange vil busetja seg her. Kan det bli enda betre å vera Osing, og korleis skal ein få det til? Os Venstre meinar det kan gjerast store forbetringar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**

Dei som har styrt Os dei siste 16 åra – og især ordføraren – har vore svært flinke til å syna fram alt det positive som skjer og stå fram og ta ære for det. Alle områder der det har vore ei negative utvikling vert det sagt svært lite om. Det er i alle høve ingen som står fram og klart seier at dei tar ansvar for utviklinga på desse områda. Etter 16 år med einevelde skulle ein tru at det hadde vore mogleg å få til meir. Os slit no med:

  • For dårleg kvalitet i skulen på grunn av ressursmangel. Det har vorte fleire elevar og ressurdbruk pr. elev har gått ned og ligg lavt i høve til dei me bør samanlikna oss med. Utviklinga har gått i feil retning.
  • Talet på arbeidsplassar i høve til folketalet i kommunen har utvikla seg negativt. Os kommune har ikkje hatt ein medviten og langsiktig næringspolitikk. Det nyttar lite å berre visa til Lyseparken som kjem om 6-8 år. Samanlikningar med andre kommunar viser at Os skorar dårleg på både arbeidsplassar og kompetanse.
  • Framleis er det «lite liv på Øyro». No endeleg ser det ut til å skje noko, utover det å får uttbyggjara til å bygja bustadar på dei beste tomtene langs strandpromenaden. Det kunne vore laga ein slik plan for 12-16 år sidan. Det var snakk om manglande liv på Øyro då også.
  • Manglande planmessig utbygging i heile Os kommune. Skal ein få ei utbyggjing som er både økonomisk effektiv og miljømessig må alle tilhøve rund utbyggjina takast omsyn til. Det må lagast planar (slik ein omsider har starta på for Osøyro). Kommune må ha ei fast hand på det og planane må følgjast. Slike planar må også lagast for krinssentera i kommunen. Ein bør ikkje berre byggja ein «ishall» – slikt må vera del av ein større plan som skapar levande og effektive lokalsamfunn.
  • Å visa varme og omsorg for alle. Os har fleire gongar takka nei på forespurnad fra myndigheiten om å ta imot fleire flyktningar og asylsøkjarar. Skal Os no også bli ein av kommunane som følgjer opp «boikott oppfordringa» frå Siv Jensen av flyktningeavtalen som blei gjort i Stortinget?

Meir kan nemnast, men berre dette er nok til at eg må kjenna litt på om eg er så stolt av å vera Osing – nett no. Det gode er at dette kan det gjerast noko med – om Osingane vil. Snart får du valprogammet til Os Venstre i din postkasse. Der finn du våre svar på kva som bør gjerast for å snu utvklinga, mellom anna på desse områda. Du finn programmet også på www.venstre.no/osihordaland.

Identitet – det å vera kjent for noko – er grunnlaget for å kjenna stoltheit. Når eg fortel folk at eg kjem frå Os, er Terje Søviknes og FrP-kommune det første som blir nevnt. Eg har ikkje noko mot verken Terje eller konkurrentar i politikken, men tenk om dei hadde sagt:«Er det ikkje der dei har den beste grunnskulen i landet?».

Godt val!

Os Venstre
Sveinung Stensletten, leiar og 4. kandidat

Leserinnlegget ble først publisert på Midtsiden.no

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**