Program 2015-2019

Valprogram for Kvinnherad Venstre 2015-2019

Venstre sin visjon er eit sosialt og liberalt kunnskapssamfunn der alle har fridom til å skapa sin eigen veg til det gode liv, med ansvar for kvarandre og miljøet.

Skule og oppvekst


Kvinnherad Venstre arbeider for ein god skule, der både elevar og tilsette kjenner seg trygge. Vi fokuserer og på at dei tilsette skal ha mulegheit til vidare- og etterutdanning for å være best rusta til arbeidet sitt.

  • Arbeide for kompetanseutvikling og etterutdanning for tilsette innan barnehage og skule; dette i kommunalt samarbeid med t.d. Kvinnherad kompetansesenter. Kompensasjon for vidareutdanning innan barnehage-sektoren bør ha same vilkår som for lærarar i skulen.
  • Ha som mål om minst 50 % pedagogdekning i barnehagane, og gi pedagogane reell plantid ved å setje inn assistentar denne plantida.
  • Styrkja samarbeidet med lokalt næringsliv for å sikre læreplassar til alle lærlingane og fokusere på entreprenørskap i skulen for å få betre arbeidstrening for elevane. Kommunen skal også tilby læreplassar, t.d. innan Helsearbeidarfaget og Barne- og ungdomsarbeidarfaget.
  • Arbeide med den kommunale skulebruksplanen i samarbeid med dei tilsette for å på sikt redusere talet på skular.
  • Sikre at alle elevar kan følgje progresjonen i læreplanen når det gjeld symjeopplæring.
  • Tilby leksehjelp på skulane i tråd med Forskrift til Opplæringslova; «åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen.»
  • Prioritere om førebyggjande tiltak retta mot born og unge med vekt på rus og mobbing. T.d. utekontakt, MOT, SLT-koordinator, unge&rus-satsinga, ungdomsklubbar o.l.

 

Kultur og idrett

Kvinnherad kommune har eit rikhaldig idretts- og kulturtilbod, frå dei heilt minste til dei eldste. Kvinnherad Venstre har alltid, og vil fortsatt være ein pådrivar for at desse tilboda skal være tilgjengelege for alle.

  • I tråd med ny økonomiplan, prioritere ein ny idrettshall på Husnes.
  • Arbeide for å få midlar i økonomiplanen til innkjøp av ny bokbuss.
  • Prøve ut ein kommunal idrettsskule etter modell frå Kulturskulen.
  • Innføre kulturnæringsfond der ein kan søkje om støtte til små og store arrangement og kulturtiltak, samt arbeide for ei auka tildeling av offentlege spelemidlar til kommunale og private anlegg i Kvinnherad.
  • Styrka satsinga på kulturtilbod for born og unge i skulen (Den kulturelle nistepakken) og kulturtilbod for seniorar (Den kulturelle spaserstokken).
  • Tilsetje ein idrettskonsulent når det er økonomisk forsvarleg.
  • Støtte utviklinga av aktivitetsparkane i kommunen.

Samferdsle

Kvinnherad Venstre meiner at det er på høg tid at Kvinnherad får skikkelege kommunikasjonsliner til og frå kommunen. Difor vert “Sunnhordlandsdiagonalen” viktig for oss. Trafikktryggleiken til innbyggjarane er og viktig, og der vil vi arbeide kontinuerleg gjennom heile perioden.

  • Arbeide vidare med “Sunnhordlandsdiagonalen” for å knytte E134 til E39 gjennom Kvinnherad.
  • Betra busstilbodet på ettermiddag og kveld; særskild til/frå Halsnøy og Valen.
  • Arbeide for at det vert tilrettelagt med gatelys langs gang- og sykkelstiar og fortau langs skulevegane i kommunen.
  • Arbeide for utbetring og rassikring på vegane til Mauranger og vegen til Åkra.
  • Utbetre vegnettet på Halsnøy; siste biten mot Ranavik, Høylandsbygd mot Landa og vegen ut mot Sydnes, samt få utbetra Krokaparsellen, Lundsvingane, Hellandskrysset og Opsangersvegen.
  • Arbeide for seinare avgangar med skyssbåt mot Bergen.
  • Få endra Kvinnherad/Stord-sambandet slik at ferga vil gå frå Sunde til Jektevik, og få flytta bompengane frå Halsnøytunellen heilt eller delvis over på fergebilletten.

Økonomi, næring og samfunn

Kvinnherad kommune har eit driftsnivå som er altfor høgt. Dette gjev store utfordringar, og Kvinnherad Venstre kjem til å arbeide hardt for at kommunen skal klare å senke det nivået utan at det går ut over tenestene.

  • Styrkje Husnes som regionssenter, slik at heile kommunen dreg nytte av det.
  • Byggje ut bolig- og industriområder med tilrettelagt infrastruktur. På dette viset kan ein enklare trekkje til seg nye innbyggjarar og ny næring.
  • Realisere Folgefonnsenteret, slik at ein m.a. kan fortsetje arbeidet med å utvikle gode besøksmål for Folgefonna Nasjonalpark.
  • Hydro Husnes må sikrast ein langsiktig kraftavtale, samt vidareføring av CO2-kompensasjonsmidlar.
  • Kvinnherad Venstre ynskjer å ha ei sterkare politisk styring i Kvinnherad, der makta vert flytta tilbake frå administrasjon til lokalpolitikarane.
  • Redusere driftsnivået til Kvinnherad kommune. Å budsjettere med overskot frå kraftfondet er usikkert. Svingingar i marknaden kan gå hardt ut over kommuneøkonomien, og ein må ha som overordna mål at den kommunaler drifta vert uavhengig frå kraftfondsmidlane.
  • Fjerne eigedomskatten på hus og hytter så snart det er økonomisk forsvarleg.

Miljø

Kvinnherad Venstre tek klima- og miljøutfordringane på alvor, og ynskjer at Kvinnherad kommune skal gjere det samme. Utskifting av bilpark, miljøsertfisering av verksemder og innkjøp samt gjere dei kommunale bygga energieffektive er saker som er viktige for Kvinnherad Venstre.

  • Opprette Kvinnherad kommune sin miljøpris. Denne kan gå til private eller bedrifter som gjer ein ekstra innsats for miljøet i Kvinnherad.
  • Delta aktivt i anbodsrundar for å sikre at miljø blir vekta likt som pris.
  • Arbeida for at kommunale innkjøp skal vere miljømerka og at kommunale verksemder skal vera miljøsertifiserte. Alle nye kommunale bygg skal byggjast så miljøvenleg og energieffektive som mogleg. Målet må være å få bygga BREEM-sertifiserte eller tilsvarande.
  • At kommunale tenestebilar så langt det let seg gjera skal vere miljøvenlege slik som elbilar, samt ha ladestasjonar for slike ved dei kommunale tenestesentera i Kvinnherad.
  • Ha ei god, offentleg forvaltning av strandsona, badestrender og friområde.
  • Ta vare på det biologiske mangfaldet og arbeide for lukka anlegg for å hindra spreiing av lakselus og røming av fisk. Dette for å sikre levevilkåra til m.a. villaks og sjøaure. Næringa skal sjølv bera kostnadane med ulemper og skadar ved røming.
  • Følgje tilrådingane frå NVE med omsyn til landskapsvern, friluftsliv og biologisk mangfald ved søknad om utbygging av nye småkraftverk.

Helse og sosial
Kvinnherad Venstre arbeider for at det offentlege tenestene skal være så gode som muleg. Vi meinar at det er viktig å førebyggje for å halde folk lenger i arbeid, at dei kan bu lenger heime og kan klare seg sjølve. Unge og rus er ei utfordring i kommunen, og dei tiltaka som er sett i gang der må vidareførast og styrkast.

  • Byggje omsorgsboligar og sikre tilpassa bufellesskap for funksjonshemma og eldre. Desse bør plasserast med kort veg til butikk og offentlege helsetenester. Ein må leggje til rette for at folk skal kunne bu lengst mogleg i sin eigen heim, samtidig som dei må få den hjelpa dei treng for å klare det.
  • Auke dagtilbodet og eit tilrettelagt tilbod for eldre, samt arbeide for å halde på dei førebyggjande tiltaka vi har i kommunen. Kvinnherad må bli ein pilotkommune i det vidare folkehelsearbeidet ved m.a. bruk av Frisklivssentral.
  • Starte opp att sentralkjøken på Husnestunet og la dette levere mat til institusjonane i Kvinnherad.
  • Gi Ungdomens kommunestyre, Eldrerådet og Rådet for funksjonshemma talerett i kommunestyret i saker som vedkjem deira arbeid.
  • Ferdigstille nytt Rosendalstun i løpet av kommunestyreperioden. Skape auke i sjukeheims- og omsorgsplassar i Kvinnherad. Sjukheimane må styrkast i samsvar med Samhandlingsreforma.
  • Føre ein restriktiv og rettferdig skjenkepolitikk.
  • Byggje opp kompetansesentre på sjukeheimane rundt om i kommunen, t.d. på palliasjon, rehabilitering, demens etc., samt leggje betre til rette for etter- og vidareutdanning for tilsette i helsesektoren for både ufaglærte og faglærte. Dette vil spisse kompetansen til dei tilsette, samstundes som det gjer tryggare rammer for brukarar og pårørande.

 

Valprogram 2015-2019 Kvinnherad Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**