Ein trygg alderdom

Anette Wangensten, nestleiar i Kvinnherad Venstre, Foto: Carina Wangensten

Ein trygg alderdom

Retten til å bestemme over eigen kvardag er ikkje noko ein skal miste når ein vert gamal eller ikkje lengre kan ta fullt vare på seg sjølv. Likevel er det slik at inntrykket som vert skapt i den offentlege debatten er at det er nettopp dette ein mister – ein får ikkje velgje, ein vert sendt hit og dit, nærast utan mål og meining og ei rekkje tilfeldige omstende avgjer korleis ein skal ha det. Men er det sant? Innan pleie og omsorg er det mange som har eit trygt og godt tilbod og som er svært nøgde med tenestene dei vert tildelt. Det er sjeldan det står om dei i avisene, men eg er viss på at dei som arbeider i tenesta får vite om det i sitt daglege arbeid. Det finns også personar som ikkje er nøgde og som ikkje får den hjelpa dei treng. Det kan vi ikkje vera nøgde med, og vi må alltid syta for at dei tilhøva som ikkje er bra skal bli retta opp.

Målet for Kvinnherad Venstre er at alle skal møtast med eit fleksibelt tilbod som fanger opp ulike ynskje og behov. Det er utfordrande for kommunen å gje fleksible nok tilbod, og dei folkevalgte er opptekne av at det skal vera gode løysingar slik folk treng dei. Eg kan ikkje tenkja meg at noko parti ikkje ynskjer det beste for den som har behov for omsorgstenester, men sjølv med slik innstilling til å gje godt tenestetilbod lyt ein gjere val og prioriteringar.

Kvinnherad Venstre har valgt å støtte utbygging av Rosendalstunet fordi denne utbygginga gir kommunen fleire sengeplassar og betre arbeidsvilkår for dei tilsette. Det er likevel slik at vi kan få større behov enn dei utbygginga av Rosendalstunet kan stetta, og også i år frametter kan det koma behov for fleire plassar eller andre typar omsorgstilbod. Mange problemstillingar kan koma undervegs og Kvinnherad Venstre ynskjer å bidra til at vi får omsorgstenester som er tilpassa innbyggane.

I Kvinnherad Venstre har vi allereie starta å drøfte kva utfordringar som kan kome: Kan vi tenkje oss utbygging av Halsnøytunet? Ha omsorgsbustader nære alders – og sjukeheimar slik at vi kan auka kapasiteten til tenestene utan at tilsette må springe endå fortare? Skal vi satse på bygging eller ombygging av boligar med livsløpstandard? Kva skal kommunen gjere og kva må andre utfordrast på?

Kvinnherad Venstre har programfesta at vi også i åra framover skal arbeida for eit omsorgstilbod som tek omsyn til den einskilde sine behov, der dei som ynskjer det kan få omsorgstilbodet dei treng heime. Vi vil difor prioritera ei godt utbygd heimeteneste og dagtilbod.

Vi arbeidde sterkt for å få på plass Frisklivssentralen, og vi vil framleis stø arbeidet med å ta i bruk frivilligheit både gjennom frivilligsentralen og gjennom frivillige organisasjoner i omsorgstilbodet.

Kvinnherad Venstre vil at innbyggarane i kommunen skal ha eit trygt omsorgstilbod når det trengs.

Anette Wangensten
2. kandidat for Kvinnherad Venstre

Las ned innlegget her:

Ein trygg alderdom Kvinnherad Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**