Vegval for kvinnheringar

Alternative traséar for Sunnhordlandsdiagonalen, Faksimile: Asplan Viak
Kent Are Kjørsvik Petterson
Kent Are Kjørsvik Petterson

Å stemma ved kommuneval er å gje stemma si til nokon som kan gjera at røysta di vert høyrt i kommunestyret og i sentrale politiske organ der avgjerder som innverkar på kvardagen din vert teke. Avgjerdsler om samferdsel er i høgste grad vedtak som verkar inn på kvardagen vår.

Kvinnherad Venstre er opptekne av at vi skal ha god samferdsle både i kommunen og til og frå kommunen. Det er difor vi støttar Kvinnheradpakken for å betre kommunikasjonen i kommunen og Sunnhordlandsdiagonalen for å få betre kommunikasjon til og frå kommunen.

Sunnhordlandsdiagonalen er eitt av framlegga til kortare veg mellom Bergen og Oslo, og er etter vårt syn viktig av fleire grunnar:

– Alternativet har lågast stigning inn mot E134 over Haukeli

– Alternativet går i trase som ikkje er rasutsett

– Alternativet vil avløysa trongen for ferjer og snøggbåtar i Sunnhordlandsregionen

– Alternativet fører til betre intern kommunikasjon i eitt folkerikt område

– Vegbygginga er ikkje i eksisterande trase og vil såleis ikkje hindra gjennomgangstrafikk under utbygginga.

– Alternativet har kortare reisetid mellom Bergen og Oslo enn Hordalandsdiagonalen.

– Alternativet krev ikkje utviding/tilpassing av eksisterande tunnelar som ikkje heldt Europavegstandard.

Avløysinga av ferjer og snøggbåtar vil redusere utslepp av CO2, lågast mogeleg stigning til høgfjellet minskar utslepp frå trafikken og gir betre økonomi for transportselskapa, liten risiko for stenging grunna ras er også ei stor føremon sidan stengte vegar er dårleg samfunnsøkonomi.

Vedtaket om innkortinga av veg mellom Bergen og Oslo skal ikkje gjerast av kvinnheringar, men Venstre arbeider opp mot beslutnigstakarane for at Sunnhordlandsdiagonalen skal vera eit reelt alternativ når vala skal gjerast. Då treng me di stemme. #stemvenstre

Kent Are Kjørsvik Petterson
Ordførarkandidat for Kvinnherad Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**