Lefdal Mine Datacenter: Ein jubeldag for Sogn og Fjordane

Fotograf Vidar Helle
Alfred Bjørlo får gratulasjonar frå Gunhild Berge Stang.
Alfred Bjørlo får gratulasjonar frå Gunhild Berge Stang.

– Nyhenda om byggestart for Lefdal Gruve er ein jubeldag for Sogn og Fjordane, og syner kor viktig det er å vere tidleg ute og offensive i det grøne skiftet, seier Venstre sin fylkesordførarkandidat i Sogn og Fjordane, Gunhild Berge Stang.

– Venstre har dei siste åra arbeidd målmedvite med å få på plass gode rammevilkår for grøne datasenter og anna framtidsretta grønt næringsliv. Sogn og Fjordane Venstre har kjempa hardt for å få vedtatt redusert elavgift for storskala grøne datasenter – noko Ap og Sp ikkje ville innføre då dei sat i regjering. Dette vann Venstre og Krf fram med i statsbudsjettet for 2015. No ser vi at det fører til store nye investeringar også i Sogn og Fjordane, seier Gunhild Berge Stang.

– Eg vil også gratulerer Venstre-ordførar i vertskommunen Eid, Alfred Bjørlo, med dette gjennombrotet. Han har arbeidd hardt med å få gjennomslag nasjonalt både for grøne datasenter og gode rammevilkår for anna grønt framtids-næringsliv heilt sidan han var leiar i Måløy Vekst i 2007-11.

– Å ha offensive og «sultne» Venstre-politikarar som Alfred Bjørlo ved roret når det grøne skiftet no kjem for fullt, er gull verdt for Sogn og Fjordane. For meg som fylkesleiar og fylkesordførarkandidat for Venstre gir byggestarten for Lefdal Gruve ny energi og gnist til å få ruska opp i dagens grå og trauste makt-koalisjon i Sogn og Fjordane ved valet som no står for døra, seier Gunhild Berge Stang.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**