Det grøne skifte kjem ikkje av seg sjølv!

Ordførarkandidat Hans Olav Omnes, Privat
Ordførarkandidat Hans Olav Omnes
Ordførarkandidat Hans Olav Omnes

Det er ingen tvil om kva som er det mest populære uttrykket denne valkampen; “det grøne skiftet” er ei frase som går igjen i dei fleste debattar, og som Venstrefolk er me glade for at dei andre partia har begynt å bruke ord som Venstre har brukt i ei årrekke.

Likevel må det meir konkrete handlingar til, for slike arbeidsplasser kjem ikkje av seg sjølv. Kommunane i regionen må arbeide på tvers av kommunegrenser, sjølv om det kan gå på bekostning av den stoltheten til den enkelte kommune.

Regionen må utnytte dei styrkane me har! Eit eksempel på ei slik satsing som kan lønne seg for regionen, er datasenter. Kvifor nettopp dette? Fordi vi har rik tilgang på straum og areal. Behova for datakraft og datalagring aukar eksponensielt, og stadig fleire utanlandske aktørar får auga opp for Norden. Grunnane er enkle; rik tilgang på miljøvennleg kraft, høg tilgang på kompetanse, låg seismisk aktivitet, riktig klima, og høg politisk stabilitet. Facebook har etablert slikt anlegg i Sverige, Google har etablert seg i Finland, og Apple held på å etablere eit datasenter i Danmark. Det er berre i Noreg at slike storetablering foreløpig ikkje har skjedd.

Eit anna eksempel er økoturisme. Setesdalen kan by på fantastiske naturopplevingar og aktiviteter. Dette må videreutviklas, både på tilbodsida, og som merkevare. Gul stripe på Rv9 er viktig for regionen, men kva med å tenke sikker sykkelveg i tillegg?

Dette er sjansar som regionen ikkje må gå glipp av. Regionen som heilhet må arbeide målretta for å få til slike løysingar, og konkurransen er hard.

Bjørn Petter Vennesland Kysnes

  1. kandidat, Evje og Hornnes Venstre

Hans Olav Omnes

  1. kandidat, Valle VenstreBjørn Petter Vennesland Kysnes
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**