Marknadsføring og vekst i Orkdal

Foto: Hanne Kvernmo Rye

Politiske utspel og ST-reportasjar har gledeleg løfta fram marknadsføring av Orkdal i valkampen. Og den fantastiske Toppidrettsveka i Knyken gir vatn på mølla! Marknadsføring handlar om å få fram det ein er god på.

Uslåelege Orkdal!

Marknadsføringa må vere brei, på mange arenaer, for det finst ikkje ei enkelt befolkningsgruppe som vi kan rette oss mot. «Industrikommune nr.1» er ikkje daud, men for enkel. Orkdal er nesten uslåeleg på idrettsanlegg. Desse blir besøkt utanfrå fleire gonger kvar veke, heile året, av folk som veit å verdsette dei. Det er også ein viktig arena for å marknadsføre oss og bedriftene våre, og alle dei gode aktivitetstilboda – inkludert kulturskulen. For ikkje å gløyme vår nesten uslåelege barnehage med fortløpande opptak!

Vekstpotensial

Venstre vil arbeide meir for å vidareutvikle og tiltrekke arbeidsplassar og kompetanse, for det er ikkje eit mål berre å bli bustadkommune for pendlarar. Derfor må vi ha ein tydeleg og næringslivsvennlig politikk og nærare samarbeid mellom industrien og teknologimiljøet i Trondheim. Orkdal – ein naturlig plass for teknologiske pilotbedrifter! Og fleire desentraliserte utdanningstilbod for vaksne. Meir kompakt og levande sentrum, og større og enda betre kulturhus på Bårdshaug er viktig, men trekker ikkje dei mest urbane på mange år enda. Derfor er det også viktig å legge til rette for at folk kan få seg bustad både i grendene og i sentrum til en akseptabel pris.

Orkdal Venstre v/Hanne Kvernmo Rye, Lavrans Skuterud, Kari Garberg, Torstein Grønningen og Lone Kvålsvoll

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**