Oppfording til alle kommuner i Noreg!

Gruppeleiar Petter Sexe Ulriksen gjekk på talerstolen og stilte spørsmålet om ikkje me som Heradstyre kunne tverrpolitisk gjere ein forskjell i den humanitære krisa med flyktninger frå Syria som no er aktuell. Dette resulterte i ein særs positiv debatt, og til slutt vedtok me unisont å løyve 10.000,- pluss møtegodtgjerdsla til kvar politikar (600,-x21) = 22.600,- til dette formålet.

Samstundes vart det vedteke at denne oppmodinga skal gå ut til alle kommunar i Noreg. Me voner dette vert realitet, og samla vert det en stor sum som går til dei som verkeleg treng det NO!

Me oppmodar difor alle politikarar, i alle kommuner om å løfte denne saka inn i sitt kommune/heradstyre og solidarisk syner me at dette er noko som me tek på alvor.

Takk til samtlige parti i Ullensvang, som gjorde dette mogleg!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**