Ungdomen er framtida!

Målet til alle som er engasjerte i lokalsamfunna våre uansett parti er at lokalsamfunna skal gi ein trygg og god oppvekst, og at ungdomen vår har ynskje om seinare å koma tilbake, å etablera seg med familie. Eit velfungerande lokalsamfunn med gode tenester, eit rikt og spennande kulturliv og ressursomfang vil òg kunne freiste andre til å etablera seg her.

Arbeidar vi med dette som mål vil vi ha nokre våpen i kampen mot sentralisering, bremse fråflyttinga og halde innbyggjartalet oppe. Det vil kunne skape ein optimisme og utvikling av heradet og regionen vår som vidare vil påverke næringsutviklinga, med nyetablering av småbedrifter og auke interessa frå bedrifter utanifrå om å etablera seg i regionen.

Politikarane diskuterar, forhandlar, vedtek på vegne av oss alle og set i gong prosessar som utviklar seg i ein eller annen retning over år og tiår. Fleire av oss som gjer vedtak i dag er pensjonistar eller over i ein annan tilstand når konsekvensane av vedtaka verkeleg synast og merkast. Det er dykk, ungdomen, som skal kjenne på konsekvensane av våre beslutningar. Politikarane er no rundt ikring på stands, og prøver å få fram sitt bodskap for 4 nye år i herad-styret.

Venstre seier klart og tydeleg:

Ungdomen er framtida vår og ynskjer difor spesielt ungdomen velkomen til å ta ein prat. Spør om alt de lurar på, ingen spørsmål er dårlegare enn andre. Ullensvang Venstre har fleire punkt i sitt program som direkte handlar om barn, unge og oppvekst, vi vil arbeida hardt for å tilretteleggje for og realisera fylgjende:

  • Eit breitt fritidstilbod med valfridom for den enkelte, på begge sider av fjorden
  • Vera med å skape tryggleik gjennom antimobbe- og haldningsskapande arbeid
  • Settje fokus på helstilbod innan rus og psykiatri
  • Sikra valfridom for den einskilde i skuleval og linjeval
  • Støtte opp om det flotte og viktige frivillighetsarbeidet som gjerast for barn og ungdom i heradet.

Det viktigaste er at du vel å bruke stemma di, så vi kan arbeida fram dine ynskjer for vår felles framtid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**