Stem grønt – stem Venstre!

Partileiar Trine Skei Grande og Kjersti I. Vevatne, Osterøy Venstre, Foto: Eirik Brautaset
Osterøy Venstre går til val med mange engasjerte og dyktige folk på lista. Me meiner me har eit program som er nøkternt, ærleg og solid. I dei tøffe økonomiske åra som kjem har me sagt at born og unge skal ha hovudfokus – og i budsjetta vil me så langt som råd er, skjerme dei minste. Me er miljøpartiet med næringsvett, og set oppvekstvilkår og grender høgt. Me vil, som Venstre alltid gjer – kjempe for at me tek imot fleire flyktningar, og at dei vert møtte med opne hjarte.

Me trur på ei brei og grøn politisk samling i sentrum – og me trur at når fleire parti står saman skapar ein demokrati gjennom meir politisk debatt og meir openheit. Dette treng me!

Venstre er små, men gode. Me lovar å utfordra, og å stilla spørsmål, men me lovar òg å vere ansvarlege og ikkje kjempe omkampar. Stem for borna, stem for vidsyn, stem grønt! Godt val!

Kjersti I. Vevatne
1. kandidat Osterøy Venstre.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**