Valprogram for Osterøy Venstre 2023-2027

Eit grønare og friare Osterøy!

På denne sida finn du Osterøy Venstre sitt program. Først står essensen i programmet; ein kortversjon. Deretter ligg heile programmet nedst.

Essensen i kva Osterøy Venstre vil:

For born og unge vil Venstre:

  • ruste opp bygg og uteområde ved barnehagar og skular, og bygge ny ungdomsskule
  • jobbe for auka bemanning og styrke laget rundt eleven
  • jobbe for rullerande barnehageopptak
  • støtte opp om barneidretten
  • førebygge psykisk uhelse hos unge, og jobbe for meir inkludering og toleranse
  • jobbe for betre vilkår for lærarane i barnehage og skule

For bygdene vil Venstre:

  • behalda dei fire barneskulane
  • styrke dei fire sentra våre; Lonevåg, Fotlandsvåg, Valestrand-Hauge og Haus ved fortetting og utvikling av bustader.
  • styrke kommunesenteret med nye fellesfunksjonar, bl.a. ny ungdomsskule, symjehall med plass til terapibasseng og kulturhus-funksjon
  • jobbe for tryggare veg for mjuke trafikantar, m.a. i Haus sentrum
  • at Mjeldalen vert verna for utbygging, og at landbruksdrift og kulturlandskap skal prioriterast
  • sette av areal til ny barnehage, barneskule i Valestrand-Hauge, og jobbe for at dei to bygdene kan vokse saman på ein god måte
  • prioritere utbygging av Omsorg+ ved sjukeheimen
  • skjerme nærturterren

For ei betre øy for alle, vil Venstre:

  • at politikarane sin lojalitet alltid skal ligga til innbyggarane
  • at me utviklar tenester for eit mangfald, både når det gjeld livssyn, kulturell bakgrunn, legning og identitet
  • jobba for ein god arbeidskultur i kommunen der tilsette kan varsla trygt
  • ha meir dialog og meir openheit
  • vere positiv til samanslåing med Bergen, for å sikra gode tenester i framtida
  • at eigedomsskatten vert redusert og på sikt fjerna

For klima og miljø vil Venstre:

  • at det vert gjort ei kartlegging av naturmangfaldet, særleg i område med mykje utbygging
  • at vi får laga tiltaksplan for svartlista artar, og søker samarbeid med lag og organisasjonar for gjennomføring av tiltak
  • at vi aukar kunnskapen om det verna vassdraget Loneelva, og vårt særlege ansvar for blant anna elvemusling og villaks
  • at nærturområde inn mot dei store befolkningskonsentrasjonane ikkje blir bygd ned, men kan halda fram med å vera nære naturopplevingar i kvardagen
  • at vi sørgjer for gode omsynssoner for natur i kommuneplanen
  • at vi inngår interkommunalt samarbeid om naturmangfald, landbrukstenester og kulturmiljø, slik at vi får auka kompetanse
  • at det vert søkt midlar der slike finst, for å få gjennomført tiltak som gjev betre vern av naturverdiar. Venstre vil innføre ordninga Natursats der staten støttar kommunane økonomisk
  • at kommunen lagar arealrekneskap og blir arealnøytral

Osterøy Venstre sitt fulle valprogram:

Venstre er det sosialliberale partiet på Osterøy. Me jobbar for eit tolerant og ope samfunn der folk er frie og kan vera seg sjølve. Venstre er eit utolmodig parti som vil ta Osterøy vidare. Venstre vil alltid framover, ikkje bakover! Derfor vil me prioritera skule og kunnskap, me vil bidra til å løysa klima- og naturkrisa, og me vil støtta opp om små og store jobbskaparar.

Grøne og levande bygder!

– fordi samfunn vert bygd nedanfrå

Å motverka klimaendringar og tap av natur er djupast sett ein fridomskamp. Me vil ha ein tydeleg arealpolitikk med retning. Utvikling og fortetting bør konsentrerast om dei fire områdsentra våre: Fotlandsvåg, Lonevåg, Valestrand-Hauge og Haus. Dette vil spara areal og bidra til å utvikla livskraftige bygder. Me ønsker å legge til rette for frivillig engasjement. Drivkreftene i bygdene er ein stor ressurs i kommunen, som skaper meirverdi ikkje berre for oss i dag, men og for kommande generasjonar.

Mjeldalen, Osterøy

Me vil at Osterøy kommune legg til rette for grøn næringsutvikling, at kommunen nyttar nullutsleppsbilar, og at det blir jobba for fleire ladestasjonar nær butikkar og senterområde. Osterøy bør krevja fornybar energi både ved nybygg og i samband med rehabilitering av gamle bygg. I tillegg kan kommunen gjera det meir attraktivt for innbyggjarane og bedriftene å starta opp lokal, fornybar energiproduksjon. Osterøy Venstre er ikkje prinsipiell motstandar av noka form for utsleppsfri kraftproduksjon, så lenge det vert teke omsyn til miljø og samfunn. Osterøy Venstre vil ha meir natur, ikkje mindre!

Venstre vil:

  • at kommunen samarbeider med frivillige lag og organisasjonar for å styrka og vidareutvikla bygdene.
  • at lag og organisasjonar skal få tilbakebetalt eventuelle kommunale gebyr for gjennomførte tiltak som er retta mot barn og ungdom.
  • jobba for at det kommunale selskapet Osterøy Utvikling kan halda fram med jobben dei gjer for næringslivet.
  • at kommunen følgjer betre opp fylkeskommunen si planlegging av kollektivtilbodet, særleg når det gjeld ekspressbussavgangar over bru og med ferje
  • for Lonevåg: me vil styrka kommunesenteret med nye fellesfunksjonar, og at dei store utfordringane knytt til vasshandtering og flaum vert møtt. Me vil ha ny ungdomsskule, og ny symjehall på 25 meter, enten ved Osterøyhallen eller den nye skulen. Me vil at det vert sett av areal til terapibasseng.
  • for Valestrand-Hauge: me vil skjerma nærturterreng, og at det vert sett av areal til ein ny barnehage, ny barneskule og utvikling av omsorgstenester ved Osterøytunet. Me vil jobbe for at dei to bygdene kan vokse saman på ein god måte.
  • for Haus: me vil få vurdert fortettingspotensial, trafikktryggleik og nærmiljø i Haus sentrum. Me vil behalda barnehage og skule. Me vil at Mjeldalen skal vernast for utbygging, og at landbruksdrift og kulturlandskap skal prioriterast.
  • for Fotlandsvåg: me vil styrka sentrum av Fotlandsvåg, og behalda barnehage og barneskule. Me vil vera positive til utvikling av bustader nær sentrum.
  • argumentera mot vindkraftutbygging på Høgafjellet på Osterøy og høgspentlinje på Osterøy for å verna om landskap, natur og nærmiljø. Om storsamfunnet likevel vedtek slik utbygging, vil Venstre jobba for at ei utbygging tek mest mogleg omsyn til desse verdiane.
  • stilla krav om klima- og miljøkrav i alle offentlege innkjøp og alle offentlege byggeprosjekt.

Leik og læring!

– fordi borna er framtida

Ingen familiar er like og born har ulike behov. Kompetanse hos leiinga, lærarane og dei tilsette, gode inne- og utemiljø og nok vaksne er heilt avgjerande for borna. Å få ein god start på skulegangen er avgjerande for å lukkast seinare i livet. Tidleg innsats for å førebygga psykisk uhelse og å sikra god opplæring er grunnleggjande. Venstre ønskjer fleire og tydelege verkemiddel for å gi tilpassa opplæring gjennom kompetente lærarar og auka metodefridom. Kompetanse hos leiinga, lærarane og dei tilsette er heilt avgjerande for at me skal lukkast. I tillegg er det naudsynt med eit nærare samarbeid mellom skule, helsesjukepleiarar, skulepsykologar og barnevern.

For oss i Venstre er det kvaliteten i skule og barnehage som er viktig, ikkje kven som driv eller eig dei. Kvalitet i bygg og uteareal motiverer til fysisk aktivitet og sosial læring, og er ein viktig arena i det førebyggende arbeidet.

Ved Hauge barnehage

Venstre vil:

  • bygge ny ungdomsskule
  • jobba for opprusting av bygningar og uteareal, slik at alle born har gode leikeområde å utfalda seg på.
  • jobba for tilstrekkeleg bemanning i barnehagane
  • prioritera å styrka laget rundt eleven ved å tilsetja fleire helsesjukepleiarar, skulepsykologar, miljøterapeutar og rådgivarar med formell kompetanse, men der tempo og omfang må tilpassast dei økonomiske rammene.
  • vera opne for rullerande barnehageopptak ved å ha overkapasitet i barnehagane.
  • støtta opp om barneidretten i kommunen.
  • førebygga psykisk uhelse hos unge, og jobba for meir inkludering og toleranse for det å vere annleis og ulik andre.
  • jobba for betre vilkår for lærarane, for slik å bidra til rekruttering av kompetanse i skulen.
  • at tilsette i barnehagar får støtte til arbeidstøy på lik linje med andre einingar i kommunen.

Ei betre øy for alle!

– fordi folk er viktigare enn system

Makt og innverknad i eit lokalsamfunn skal komme nedanfrå. Når noko blir bestemt, så skal det skje nærast mogleg den det gjeld, og med størst mogleg grad av openheit og medverknad. Derfor er eit sterkt lokaldemokrati viktig for Venstre. Me vil ha eit levande lokalsamfunn og ei administrativ og politisk styring som er stor nok og kompetent nok til å kunna utøva reell makt og ta hand om fleire oppgåver.

Dei økonomiske rammene for Osterøy kommune er svært utfordrande, og kjem ikkje til å bli betre. Tenestene vert drifta på grensa til det forsvarlege, og mange tilsette er svært slitne. Dette får konsekvensar for arbeidsmiljø og for tilbodet til innbyggarane. Osterøy kommune har gjort seg avhengig av eigedomsskatt for å greia å drifta primære tenester som sjukeheim, skule og barnehage.

Utsyn

Derfor ønskjer Osterøy Venstre kommunesamanslåing med Bergen. Eit levande lokaldemokrati er avhengig av at politikarane kan prioritera og ta avgjerder innanfor gode økonomiske rammer. Det er dessverre ikkje tilfelle i Osterøy i dag, noko som råkar både lokaldemokratiet og innbyggjarane. Vi meiner ei kommunesamanslåing vil gjera Osterøy til ein betre plass å bu. Fram til dette kan bli ein realitet vil me ha fokus på ryddig forvaltning, openheit, effektivisering av drifta og at dei tilsette blir sett og høyrt i den vanskelege situasjonen vi står i no.

Venstre vil:

  • at politikarane sin lojalitet alltid skal ligge til innbyggarane, og at me er opne og tydelege om kva som vert bestemt i kommunen.
  • at me utviklar tenester for eit mangfald hos innbyggarane, både når det gjeld livssyn, kulturell bakgrunn, legning og identitet.
  • jobba for ein god arbeidskultur i Osterøy kommune, der ein som tilsett trygt kan varsla om utfordringar og avvik.
  • ha meir dialog og openheit mellom politikarane og tilsette i kommunen, fordi vi veit at arbeidsmiljø vert utfordra når økonomien er stram.
  • ha ei kommunesamanslåing for å sikra gode tenester i framtida, der vi har bevart dei fire barneskulane og Osterøytunet.
  • at eigedomsskatten vert redusert og på sikt fjerna.

Til sist:

Dersom du synest at Osterøy gjer nok i dag for å byggja framtida, løysa klima- og naturkrisa og gi folk fridom i kvardagen, må du gjerne stemma på andre parti enn Venstre. Om du derimot, som oss, er utolmodig og vil gje folk meir fridom, fleire moglegheiter og ønskjer å ta Osterøy framover:

Velkommen til Venstre i lokalvalet 2023!

E du på, eller e du tå?