Til innhold
Sterk valliste frå Osterøy Venstre. Frå Venstre: Odd Roald Ravndal, Kjersti Ingolvsdotter Vevatne og Renathe Tangen. 2. 12. og 1. kandidat på vallista. , Foto: Helle Frogner

Eit grønare og friare Osterøy!

Osterøy Venstre

Venstre er det sosialliberale partiet på Osterøy. Me jobbar for eit tolerant og ope samfunn der folk er frie og kan vera seg sjølve. Venstre er eit utolmodig parti som vil ta Osterøy vidare. Venstre vil alltid framover, ikkje bakover! Derfor vil me prioritera skule og kunnskap, me vil bidra til å løysa klima- og naturkrisa, og me vil støtta opp om små og store jobbskaparar.

Våre hjertesaker

  • Grøne og levande bygder - fordi samfunn vert bygd nedanfrå!

    Å motverka klimaendringar og tap av natur er djupast sett ein fridomskamp. Me vil ha ein tydeleg arealpolitikk med retning. Utvikling og fortetting bør konsentrerast om dei fire områdsentra våre: Fotlandsvåg, Lonevåg, Valestrand-Hauge og Haus. Dette vil spara areal og bidra til å utvikla livskraftige bygder. Me ønsker å legge til rette for frivillig engasjement. Drivkreftene i bygdene er ein stor ressurs i kommunen, som skaper meirverdi ikkje berre for oss i dag, men og for kommande generasjonar.

  • Leik og læring - fordi borna er framtida!

    Kompetanse hos leiinga, lærarane og dei tilsette, gode inne- og utemiljø og nok vaksne er heilt avgjerande for borna. Tidleg innsats for å førebygga psykisk uhelse og å sikra god opplæring er grunnleggjande. Venstre ønskjer fleire og tydelege verkemiddel for å gi tilpassa opplæring gjennom kompetente lærarar og auka metodefridom. I tillegg er det naudsynt med eit nærare samarbeid mellom skule, helsesjukepleiarar, skulepsykologar og barnevern. For oss i Venstre er det kvaliteten i skule og barnehage som er viktig, ikkje kven som driv eller eig dei.

  • Ei betre øy for alle - fordi folk er viktigare enn system!

    Me vil ha eit levande lokalsamfunn og ei administrativ og politisk styring som er stor nok og kompetent nok til å kunna utøva reell makt og ta hand om fleire oppgåver. Dei økonomiske rammene for Osterøy kommune er svært utfordrande. Tenestene vert drifta på grensa til det forsvarlege, og mange tilsette er svært slitne. Osterøy kommune har gjort seg avhengig av eigedomsskatt for å greia å drifta primære tenester. Derfor ønskjer Osterøy Venstre kommunesamanslåing med Bergen. Fram til dette kan bli ein realitet vil me ha fokus på ryddig forvaltning, openheit, effektivisering av drifta og at dei tilsette blir sett og høyrt i den vanskelege situasjonen vi står i no.

Våre folk