Truverdig

Ullensvang Venstre (UV) har i inneverande periode hatt gleda av å sitje i opposisjon som det nest største partiet i Ullensvang, og det har vore veldig kjekt å kunne ha god påverknadskraft i både betente såvel som vanlege saker. Me har forma dei knipne budsjetta til beste for innbyggjarane, med eit langsiktig perspektiv, der me tek sikte på å fjerna eigedomsskatten.

For å greia dette må me ha ein ny kurs. Det siste tiåret har forfallet i det kommunale eigarskapet auka, til ein kostnad på fleire titals millionar kroner, utan at dette har vorte prioritert, trass påminningar frå administrativt hald i Heradet. Vegar, bygg og husvere treng sårt vedlikehald på alle fjordsidene. Hauso skule er eit særs godt døme, og UV vil prioritere slike saker høgast om me får tilliten att.

Me lyt tenke langsiktig, og ikkje koma i ei slik knipe som til dømes Senterpartiet gjorde. Dei sa i ein paneldebatt før førre val «at dei såg ikkje behov for å leggja ned skular i denne perioden». Så snudde dei tvert og vedtok nettopp det, tre månader etter valet, grunna den økonomiske stoda i Heradet. Me må kunne forventa litt lengre økonomisk horisont av eit parti som styrer Heradet.

Me kjem til å vektleggje fire hovudområde i komande periode: Kommunestruktur, nærmiljø, næring og ungdom. Me gløymer ikkje det andre heller, men desse fire tema meiner me dekkjer særs mykje av din kvardag som innbyggjar av Ullensvang.
Heradet har dyktige, pålitelege og engasjerte arbeidstakarar og leiarar. UV meiner at desse må få det beste verktyet for å kunna halde fram med å gjere den gode jobben dei gjer. Den skal være forutsigbar og ha open og fri informasjonsflyt. Skular, barnehagar, helsepersonell, tekniske tenester og beredskap er grunnpilarar i Heradet. Dei må få halde fram å yta tenester av god kvalitet, og UV ynskjer å styrke tenestene i komande periode.

I kommunereforma, har me sida den spede start, vore krystallklår på at det er innbyggjarane som skal bestemma denne overmogne saka. For knappe to år sida lanserte me tankar kring storkommunen, folkeavrøysting, grensejustering og om naudsynt, deling av Heradet. Det er kjekt å sjå andre parti som t.d. meinte me skulle bestå slik me er idag, også har lytta til innbyggjarane sine i den perioden og stegvis har innsett at det er den beste løysinga. Til og med etterkvart har dei fått det programfesta. Dette lover godt for kommunereforma og innbyggjarane, om dei held det dei lover.

UV har ein toppkandidat som ikkje er framand for å ta i eit tak, og då tenkjer me ikkje berre på kontoret. Lista elles, består av dei fleste yrkesgrupper, inkludert fruktdyrkarar. Me har visjonar og eit langt tidsperspektiv, me kjenner utfordringane og meiner me har den rette kursen for å løyse dei.

Me ser fram til ein ny periode i Heradsstyret. Me tek ansvar. Truverdig. Folk først, først og fremst! Stem Venstre! Godt val!

Ullensvang Venstre
Anders Djønne
Petter Sexe Ulriksen
Bodil Moss
Torbjørn Bjotveit
Nina Herland

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**