No gjeld det for Eid!

Alfred Bjørlo
Ordfører i Eid, Alfred Bjørlo (V), gleder seg over plasseringen i kommunebarometeret, Foto: Jo Straube
Alfred Bjørlo
Alfred Bjørlo

Åra vi står framfor no, blir dei viktigaste for Eid nokonsinne.

Vi er i ferd med å klare det ingen hadde trudd for nokre år sidan: Eid er ei kommune i sterk vekst. Med store nye næringsetableringar med fleire hundre nye arbeidsplassar: Lefdal Gruve, nye Moengården med meir. Med oppstart for lenge etterlengta fellesløft som nytt omsorgssenter og ny fleirbrukshall. Med “bygge-boom” for nye bustader og bustadfelt.

Fire år på rad har Eid kommune blitt ein meir attraktiv stad å drive næring. Ni kvartal på rad har vi hatt vekst i folketalet. Vi er i ferd med å klare det tilsynelatande umulige: Å få hjula i Eid til å rulle raskt framover – slik at vi får inntekter og vekst nok til å sikre framtidas velferd for oss alle.

Eg har vore så heldig å få vere ordførar i desse åra, med ei sterk Venstre-gruppe i ryggen i kommunestyret. Det har vore beinhard jobb, med godt lagspel.

Ein ting er eg overtydd om etter desse fire åra: For ei distrikts-kommune som Eid kjem ingenting av seg sjølv. Sp sin ordførarkandidat Sigurd Reksnes sa i eit intervju i Fjordabladet nylig at Eid burde ha ein ordførar som “går litt stillare i dørene”.

Det trur eg er ei alvorleg feilslutning. Eid har i altfor mange år tidlegare lidd under å “gå stilt i dørene”. Det fører ingen veg. Vi må tvert imot ta posisjonen som det senteret vi er i Nordfjord. Ein stad der det er naturleg for mange fleire enn i dag å slå seg ned, drive næring og besøke.

Eg har eit inderleg ønskje om å få vere med å ta i mål den jobben vi no har starta med å byggje Eid si framtid. Å styrke skulen i Eid – både med forsterka innsats i grunnskulen, og å sikre Eid vidaregåande skule si framtid med nye utdanningstilbod. Med å styrke heimetenestene til dei eldre, slik at flest mulig kan bu trygt og godt i eigen bustad. Med å legge til rette for ny næring, grøn vekst og nye arbeidsplassar. Med å bygge ut fiberbreiband og trygge skulevegar i heile kommunen, og kommunale bustadfelt i alle skulekrinsar.

Med å få på plass vedtak om bru Lote-Anda. Med å sikre framtida til Nordfjord sjukehus. Med å få gjennomslag for fleire statlege arbeidsplassar på Eid – slik Venstre nasjonalt no går i bresjen for, som einaste parti.

Mange viktige slag står dei neste fire åra for Eid – ikkje minst på nasjonalt nivå. Der har vi ikkje råd til å feile. Vi må treffe planken – kvar gong. Eg kan ikkje love å “gå stilt i dørene”, men kan til gjengjeld love å jobbe dag og natt også dei neste fire åra for Eid.

Fordi det er nødvendig – og fordi dei fire åra vi har bak oss syner kva som er mulig.

Då treng vi eit sterkt Venstre i Eid – som garantisten for at ting skjer og at vi tar Eid vidare. Tida er ikkje inne for eksperiment. Det er no det gjeld for Eid.

Godt val – røyst Venstre ved kommunevalet!

Alfred Bjørlo, ordførar og førstekandidat for Eid Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 9 år siden.**