Uttalelse: Venstre vil ha lyntog over Haukeli

Illustrasjon: Colourbox

Rogaland Venstre vil ha lyntog over Haukeli. Ein strategi for bygging av høghastigheitsnett i Norge må bli ein del av Venstre sine prioriteringar i Nasjonal Transportplan som skal vedtakast på Stortinget våren 2017, vedtok årets fylkesårsmøte i Rogaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Måla i «Parisavtalen» vil krevje auka satsing på transportformer som gir redusert klimautslepp. I Europa vert det meste av jernbanenettet planlagt og utbygd slik at det kan nyttast av høghastigheitstog. Rogaland Venstre meiner at planlegging og bygging av jernbaneinfrastruktur som ikkje kan nyttast av høghastigheitstog er å gå baklengs inn i framtida. For å sikre at det kan gå kan gå lyntog frå dei ulike deler av landet og direkte inn på nett som vert bygd ut i Europa, må jernbaneinfrastrukturen i Oslo-området byggjast slik at denne kan nyttast av lyntog.

Ein strategi for bygging av høghastigheitsnett i Norge, kor også planlegging av høghastigheits-togbane frå Oslo til Haugesund med arm til Stavanger og Bergen, må bli ein del av Venstre sine prioriteringar i Nasjonal Transportplan som skal vedtakast på Stortinget våren 2017.

På Haugalandet ser ein nå at hamnene våre vert bygd ut, og vil få ei sterk rolle i mottak av gods. Det gir ein miljøgevinst å flytte gods frå veg til sjøs. Men miljøgevinsten kan bli enda større om ein flytter gods over på bane. Eit høghastigheitsnett vil gi auka marknader for våre næringsverksemder som har produkt som krev rask leveranse.

Me treng i framtida raskare og betre kommunikasjonar både lokalt og regionalt. Lyntog vil betre miljøet, og redusera utsleppa. Lyntog vil redusere reisetida kraftig, og bli ein reel konkurrent til fly. For Vestlandsregionen vil og eit slikt nett føre til auka attraktivitet ved at vi får eit større bo-, arbeids- og kompetanseområde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**