Svar på artikkelen: Flyktningar mellom ghettoar og usentrale strok

Children and recreation, group of happy multiethnic school kids playing tug-of-war with rope in city park. Summer camp fun, www.venstre.no
Emil Brimsholm frå Høgre åtvarar mot det han kallar for ghettofisering av flyktningar i tenesteutvalet, i så måte vil eg åtvare mot ein slik fråsegn som noe negativt.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

For å først stadfeste det for dei som kanskje ikkje er så kjent med omgrepet, så er ghetto eit område, som oftast eit kvartal eller ein bydel, der ein gruppe mennesker med fleire likskapar, men som samtidig skillar seg ut frå innbyggjarane som elles bor eller opphald seg på den same staden, bur. Grønland bydel i Oslo er eit eksempel på ein slik stad i Noreg

Bydelen Grønland i Oslo har lenge vore kjent for å verte ein bydel med mykje innvandrarar, og fleire undersøkingar viser at Oslobuaren meiner at bydelen er den mest utrygge å fredast i. Vald og valdtekter hadde dei også ein del av tidlegare, men sidan 2011 har ran og valdtekter i bydelen blitt redusert med høvesvis 50 og 20 prosent. Fleire peikar på Grønland som den nye Grünerløkka, ein bydel som fekk økonomisk vekst og blei til ein trendy bydel. Og på same måte stig no også prisane i dette området, som er det næraste vi kan kalla for ein ghetto i Noreg.

Vi kan ikkje seie eller tru at det er utelukkande negativt at mennesker med likskaper velgjer å leve i nærleiken av kvarandre. Ein slik nærleik kan heller verte med på å skapa ein form for tryggleik, som kan vere viktig i møte med ein ny kultur. Vi veljar ofte sjølv å flytte nærare familie og vener. Det er uansett ikkje slik at kor ein bur, eller kven naboane er, som har størst tyding for kor ein ender her i livet. Der kjem det leiar av tenesteutvalet burde vere mest oppteken av inn. Nemleg kva for tenester som er tilgjengeleg, og korleis ein skal gje dei de riktige verkemidlane til å komme seg i arbeid.

Arbeid og gode tenester er den beste formen for integrering. Nordmenn flest helsar alt for sjelden på naboen uansett til at det er der integreringa byrjar eller endar. Der er eg også noe skeptisk til Gisle Hesjedal frå Arbeiderpartiet si fråsegn om å ikkje plassere flyktningane for perifert. For kva moglegheit er det ikkje for ein afghanar å få byrja på den beste skulen i Os kommune, Lysekloster barneskule, kanskje? Det er jo der føresetnaden for å skapa gode Osingar startar. I god utdanning og dei beste tenestetilboda.

Emil Brimsholm var ikkje mest opptatt av kor folk bur når han tala varmt om aktivitetsplikt, nokre som har vist seg å vere ein suksess for NAV i Os. Han var opptatt av å skape gode tenester som kunne få folk ut i arbeid. Kvifor trur vi då at det er annleis når flyktningane kjem hit? Dei er berre mennesker dei og. På same måte som deg og meg trur eg det viktigaste er at me kan få oss ein jobb og ein trygg stad å bu, tak over hovudet og mat på bordet, mens vi veit at borna våre får ein god utdanning og har tilbod om aktivitetar dei tykkjer er spanande og som utviklar gode mennesker.

Neste gang tenesteutvalet samlast, håper eg dei ikkje ser svart/kvitt på sakene om flyktningar, men forutset å skapa best mogleg tenestetilbod for oss alle. Uavhengig av kor vi bur eller kva land vi kjem frå, eller om naboen helsar på deg på norsk eller eit heilt anna språk. Vi må ikkje gjere avgjersler for kompliserte. Ting er ofte enklare enn vi trur.

Thorstein Skårnes

For Os Venstre, og som vara til tenesteutvalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**