Sveinung Rotevatn: – Når fleirtalet i formannskapet er i slekt er kommunen for liten…

Jan Kløvstad

Venstre i Evje og Hornnes samla mykje folk på liberal pub med Sveinung Rotevatn, både unge og litt meir vaksne, og folk frå fleire parti. Venstres kommunestyremedlemer frå Bygland, Evje og Hornnes, Iveland og Birkenes stilte saman med fylkestingsmedlemene Sara Sægrov Ruud og Jan Kløvstad. Men det var likevel eit samansett lag med venstrefolk, KrF og Framstegspartiets Ungdom som stakk av med sigeren i quizen…

Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn heldt eit engasjerande innlegg om kommunereform, der han peika på eindel kriterier som peikar på behivet for reformar. Som han lett humoristisk sa: Om fleirtalet i formannskap et er slekt, eller rådmannen bur i ein annan kommune, eller om det er så mange interkommunale selskap og andre samarbeid at kommunestyra har bunde opp store delar av budsjetta, – ja da er det kanskje på tide å styrke makta til den enkelte kommunestyremeldem og innbyggar ved at folk faktisk får sjansen til å velje direkte dei som skal styre dagleglivet ditt. – Eg skal ikkje kome utanfrå og seie kven som bør slå seg saman med kven, men gi meg eit kart over ingterkommunalt samarbeid, så kan eg nok gi noen gode råd, sa nordfjordingen Rotevatn, som også gledde seg over at ja-stemmene til kommunesamanslåing i heimfylket Sogn og Fjordane same kveld var langt fleire enn det noen hadde trudd. Sogn og Fjorrdane har lengre avstandar enn i og mellom dei fleste Agderkommunane, og likevel vil eit fleirtal av veljarane slå saman kommunane. Venstre på Stortinget skal bidra til at sterkare kommunar får overført fleire oppgåver og meir makt frå staleg hald og frå fylka, og Venstre vil sikre at kommunane er såpass store at dei valte kommunestyremedlemene får makt til å styre på vegner av dei veljarane som har valt dei.

Før Rotevatns innlegg fortalte Jan Kløvstad om opplevingar i Estland like før Berlinmuren fall, om møte med leiarane i folkefronten, kulturluvet og i dei politiske partia som var under etablering. Han ga eit innsyn i lengten etter demokrati og fridom hos eit folk som var undertrykte av kommunistisk diktatur og løgn sidan sovjetisk okkupasjom under andre verdskrigen. Møteleiarane Cato Christensen og Cecilie Kyllingstad overrakte dei to foredragshaldarane praktverket Rune&Margit&Moi som eksempel på setesdalsk kvalitet.

Kommunestyrem. Anna Stella Karlsdottir og Torhild Austad, Byg, Cato Christensen,EogH, Odd Håvard Dahle, Ive, Ole Morten Vegusdal. Birk, fylkesutvalsm Sara Sægrov Ruud og Bjørn PVK og - Kopi
Kommunestyremedlemene Anna Stella Karlsdottir og Torhild Austad, Bygland, Cato Christensen, Evje og Hornnes, Odd Håvard Dahle, Iveland, Ole Morten Vegusdal. Birkenes, fylkesutvalsmedlem Sara Sægrov Ruud og Bjørn Petter Vennesland Kysnes og Cecilie Kyllingstad frå Evje og Hornnes venstre saman med stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn på liberral pub på Aases verden på Evje.
Godt besøkt liberal pub med Sveinung Rotevatn - Kopi
Godt besøkt liberal pub med Sveinung Rotevatn.

Mykje folk - Kopi

Vertskap og gjest: Bjørn Petter Vennesland Kysnes, Sveinung Rotevan, Cecilie Kyllingstad og Cato Christensen på liberal pub
Vertskap og gjest: Bjørn Petter Vennesland Kysnes, Sveinung Rotevan, Cecilie Kyllingstad og Cato Christensen på liberal pub
Quizlaget Torhild Anna Stella Karlsdottir, Annemor Sundbø og Laila Moseid - Kopi
Quizlaget Torhild Austad, Anna Stella Karlsdottir, Annemor Sundbø og Laila Moseid
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**