Arendalsuka -Venstres beste – fra tanta til Johan Sverdrup til Trine Skei Grande

Jan Kløvstad

 

Geir Helljesen bokomslag

Velkomen til Café Victor i Pollen onsdag 17. august kl 1600-1800

Historikar Hans Olav Lahlum og politisk journalist Geir Helljesen i samtale om Venstres beste frå den innflytelsesrike tanta til Johan Sverdrup (Elisabeth Sverdrup) til Trine Skei Grande.

Få kan norsk politikk betre enn duoen Geir Helljesen og Hans Olav Lahlum som vil gi skråblikk på dei beste og viktigaste i Venstres historie. Venstre skapte norsk parlamentarisme, kjempa fram stemmerett for kvinner, sørga for at barn utanfor ekteskap fekk same rettar som barn født i ekteskap, nasjonaliserte fossane, skapte folketrygda slik vi kjenner den i dag, var Norges første miljøparti. Kven var og er dei som gjekk foran og sapte det moderne Norge? Helljesen og Lahlum opplyser og underheld.

  • Hans Olav Lahlum, historikar og forfattar.
  • Geir Helljesen, journalist og forfattar.
  • Jan Kløvstad leier samtalen, og fleire av toppane i dagens Venstre kjem med innspel.

Arrangementet er gratis, Café Victor har velfylt disk med mat og drikke. Café Victor inst i Pollen er Venstres stamkafé i heile Arendalsuka. Der har vi også arrangement kvar dag. Også andre Norsk industri, Bellona og andre har arrangement i kaféen i løpet av Arendalsuka.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**