Friluftsliv, båtliv og oppdrettsanlegg – med andre ord: Sjø- og strandsoneplan

Fotlandsvåg, Osterøy, Foto: Kjersti I. Vevatne

Sjø- og strandsoneplanen skal handsamast i planutvalet i veka som kjem. Dette er ein plan som kommunen har jobba lenge med, og den har vore ute på høyring tidlegare. Strandsoneplanen omfattar areal langs sjøen, og eit av måla er å sikre viktige verdiar. Dette gjeld først og fremst friluftsliv, kulturminne, næringsområde og barnetråkk. Heile 81 arealendringar er vurdert, og 55 av desse er tilrådd. Det blir ikkje lagt til rette for nye bustadområde eller fritidsbustader i strandsona, og nye næringar skal vere sjørelaterte. Venstre er nøgde med at når administrasjonen har vurdert forslaga til nye areal, så har ein fulgt føringane for planen.

Noko av det som er mest spennande i denne planen er korleis kommunen vil handtere utfordringane knytt til den dårlege miljøtilstanden i Sørfjorden. Dette kjem som følgje av aktivitet frå oppdrettsanlegga i ein terskelfjord med liten utskifting av vatn. I denne planen ønskjer kommunen å setje miljøkrav til framtidige anlegg. Dette er krevande og utfordrande for næringa, men det er samtidig også ein invitasjon til ein berekraftig og framtidsretta vekst. Venstre meiner det er bra at kommunen prøver nye vegar å gå! Dette kan vere ein prøvestein som er nyttig for andre kommunar med dei same utfordingane.

Småbåthamn i Fotlandsvåg har fått ein del merksemd. Denne skal flyttast frå dagens plassering, grunna behov for utviding ved Lobas. Tilrådd stad er i forkant av Fotlandsnausta i biletet. Grendarådet og båtlaget ønskjer småbåthamn og gjestehamn lenger inn mot sentrum av tettstaden. Administrasjonen har gode vurderingar av dei to aktuelle områda, men når dei ulike momenta i saka skal vektast opp mot kvarandre, så meiner Osterøy Venstre at det inste alternativet peikar seg ut som det beste. Ei hamn lengst inne meiner me er betre for kulturmiljøet og det skapar nær kontakt mellom båtliv og sentrum. Teikningar viser at det er mogleg å få til med tilkomst, fortau og parkering.

Dette er berre eitt av tiltaka som er meldt inn i samband med planarbeidet. Planen skal no på høyring før endeleg vedtak i heradsstyret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**