Vil kjempe for Venstre-ja til fråværsgrense

Pål Grødahl går på talarstolen under landsmøtet for å få fråværsgrensa evaluert og forbetra, ikkje fjerna.

Venstremann og lektor Pål Grødahl skal på landsmøte i Ålesund og framsnakke fråværsgrensa i vidaregåande skule.

I utkastet til stortingsprogram står det at Venstre vil fjerne fråværsgrensa, men Pål Grødahl vil det annleis. Han er til dagleg lektor ved Volda vidaregåande skule, og seier både han og dei andre lærarane ser at fråværsgrensa verkar godt.

  • Dei fleste lærarane meiner fråværsgrensa er veldig positiv – og det same gjer mange av elevane.

Grødahl meiner elevorganisasjonane har svartmala fråværsgrensa. At Venstre har lytta til elevane sine organisasjonar er klokt og bra men Venstre må vege opp heile ordninga og samstundes sjå på dei positive sidene ved ho.

  • For eg ser at ordninga har vist seg å verke positivt på ein god del område. Difor vil eg at vi i staden for å fjerne fråværsgrensa, skal vi evaluere og forbetre den.

Treng justering og forbetring

Pål Grødahl peiker mellom anna på at delar av køyreopplæring som er lovpålagt og må takast på dagtid bør bli lovleg fråvær.

  • Det vi treng er ei justering av fråværsgrensa, ikkje ei fjerning. Og om vi skal fjerne den, så må vi iallfall ha kunnskap om korleis grensa har verka. Det er dramatisk å berre fjerne den.
  • Ein god skule er noko ein bygger saman med kvarandre så det er særs viktig at elevane er til stades og at dei er i kontakt med klassane sine og lærerane. Berre slik kan vi få ein enda betre skule.

Grødahl har støtte frå fylkesårsmøtet i Møre og Romsdal Venstre i saka. Han er også 1. vara i landsstyret og fortel at der var det berre eit lite fleirtal for å fjerne fråværsgrensa. Han tek difor saka opp på ny på landsmøtet som skal vere i Ålesund til helga.

Då møtest over 300 delegatar, representantar frå ulike interesserorganisasjonar og journalistar frå heile landet til landsmøtehelg i Ålesund. Pål Grødahl håper det vil bli ein fin sjanse til å vise fram Venstre-politikk på Sunnmøre.

Møre og Romsdal Venstre har ein delegasjon elleve personar med på landsmøtet. I tillegg til Pål Grødahl møter desse frå Sunnmøre: 1. kandidat på stortingslista, Pål Farstad, Vanylven-ordførar og 2. kandidat på lista, Lena Landsverk Sande, Amalie Birkhol, Stranda, Steffen Falkevik, Ålesund, Britt Giske Andersen, Giske og Gunn Berit Gjerde, Hareid.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**