Amalie fekk gehør

Amalie Ringdal Birkhol framsnakka grunderen og sa i sitt innlegg at grunderen er kanskje viktigare no enn den nokon sinne har vore

Med sitt aller første forslag til endring i Venstre-programmet, fekk Amalie Ringdal Birkhol gjennomslag.

Med sin bakgrunn frå næringslivskommunen Stranda og dei gode erfaringane frå Ungt Entreprenørskap ved Stranda vidaregåande skule kjempa ho for innovasjon og entreprenørskap.

-Eg trur nøkkelen til det grøne skiftet er innovasjon og entreprenørskap. Då er det ikkje nok at det står nemnt på slutten av eit avsnitt. Då forsvinn det fort mellom alt anna. Vi må få det inn i eit kulepunkt, slik at veljarane verkeleg får med seg kva Venstre vil, argumenterte ho frå talarstolen – og fekk gjennomslag.

Ho sa at ho er ein ekte sunnmøring som liker å skape.

-Vi er på full fart inn i det grønne skiftet. No skal vi omstille eit samfunn som delvis har bygd si velferd på fossile energikjelder. Behovet for nye og innovative løysingar , og for skaping av «grønne» arbeidsplassar veks. Vi skal bygge eit mangfoldig, konkurransedyktig og grønt næringsliv. Her er berre mulegheiter. Eg er som sagt sunnmøring, smilte ho til dei fleire hundre delagatane.

Framsnakka grunderen

Ringdal Birkhol meiner samfunnet, arbeidslivet og næringslivet treng menneske som tenkjer utanfor boksen, og som er opptatt av å utvikle nye produkt, finne nye løysingar og skape ny aktivitet.

-Gründeren er kanskje viktigare no enn den nokon sinne har vore.

I valprogrammet til Venstre står det at ei av de viktigaste oppgavene er å sørge for at norsk ungdom kan gå ut i arbeidslivet med solide kunnskapar og ferdigheiter, og med en nysgjerrigheit og ein kreativitet som kan bidra til nyskaping.

-Det er derfor vi må gå inn tidlig, og introdusere elevar for entreprenørskap, nyskaping og ledelse. Dette gjer vi nokon lunde gjennom valgfaget «produksjon av varer og tjenester» i ungdomsskulen, og gjennom faget «entreprenørskap og bedriftsutvikling» i den vidaregåande skulen. Men vi må skape en kultur slik at fleire skular tilbyr faget, og fleire elevar vel faget.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**