Pål på tinget!

Pål Farstad

Måndag 11. september er det stortingsval, og Pål Farstad er klar for fire nye år på jobb for Møre og Romsdal.

Pål Farstad er i dag stortingsrepresentant for Møre og Romsdal.
– Eit fylke spekka med kulturtilbod, kreativ gründerånd og skaparkraft i næringslivet, seier Pål Farstad.Farstad er tidlegare fylkestingsrepresentant og medlem av bystyret i Kristiansund. Som fylkespolitikar satt han i Utdanningsutvalget og Miljøutvalget. Som kommunepolitiker var han blant anna leiar av kommunen sitt næringsutval.

Verdiskaping

– Næringsutvikling, internasjonalisering, regionutvikling, samferdsel, utdanning, kultur og miljø er dei fremste interessefelta for meg, seier Pål Farstad.

– Gjennom jobb, styreverv og anna samfunnsengasjement, har eg danna meg ei bra oversikt over utfordringar og muligheiter lokalt, regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er god ballast å ha med seg som stortingsrepresentant for Møre og Romsdal og Venstre.

– I dag viser internasjonale rapporter at Noreg skårar unødvendig dårlig på innovasjon, nyskaping og gründerskap. Kurvane peikar i feil retning. Venstre vil satse mykje meir på verdiskaping og innovasjon.

Sats på kunnskap

– Elevar skal sjåast, oppmuntrast og få tilpassa undervisning. Derfor vil Venstre ha eit krafttak for fleire, bedre og enda meir motiverte lærarar. Venstre vil sikre alle lærarar muligheita til å ta etterutdanning og sørge for at lærarane får meir tid til undervisning. Forskning og høgare utdanning gir oss kunnskap som sikrar miljø, arbeidsplassar og velferd. Derfor er satsing på kunnskap prioritet nummer éin for Venstre.

Bakgrunn

Pål er adjunkt, utdanna frå Volda, Molde og Trondheim. Han er født på Sunnmøre i 1959, bor på Nordmøre, og kjenner fylket meget godt. I nesten heile sitt voksne liv har han arbeida med nærings- og samfunnsutvikling som leiar av organisasjonar og selskap. Først og fremst innan marin og maritim sektor, men også andre deler av næringslivet. Han er resultatorientert og gjennombruddshissig, og kan vise til gode resultat.

 

Vil du fylgje Pål Farstad framover mot valet, besøk gjerne Facebook-sida hans (lenke).

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**