Gir enklare eksamens-månad

Liv Aarberg tek bachelor i pr og kommunikasjon ved Høgskulen i Volda. Ho fortel til stortingsrepresentant Pål Farstad at studiefinansering for den 11. studiemånaden er kjempeviktig for studentane., Torill Myren

No kan Liv Aarberg og andre studentar tenke på meir på eksamen og mindre på jobb i juni. Studiefinansering for den 11. studiemånaden gir pusterom og tid til eksamen for studentane.

Liv Aarberg tek i mot politikarbesøk i studentkollektivet. I Volda bur ho i lag med fleire studentar i eit privat hus som dei leiger. Ho fortel ho måtte leite ei stund for å finne ein plass å bu.

-Det er ikkje enkelt for studentar å finne seg ein bustad, heller ikkje i Volda.

Studentbustadene på Heltne er for få og heller nedslitne. I sofaen i studentkollektivet til Liv Aarberg sit Pål Farstad frå Venstre. Han fortel om ein stadig kamp for å gi studentane tid og rom til å vere studentar.

-Vi greidde no i vår å få på plass fleire nye studentbustader, mellom anna 120 bustader til Volda. Tidlegare har vi sikra nye og fleire bustader både til Ålesund og Molde.

Studentane – ei investering for framtida

Fleire stipendiatstillingar til Høgskulane i Molde og Volda i tillegg til NTNU er andre politiske sigrar som Pål Farstad tek fram i møtet med student Liv Aarberg.

-Vi pushar på heile tida på dette som angår studentar og høgare utdanning. Vi ønsker at mange unge skal studere. Det er ei god investering for framtida, både for dei unge og for landet vårt, og då må vi sørge for gode rammer slik at dei kan få eit god liv som studentar og godt utbytte av studenttida.

Eit resultat av det er studiefinansiering for den 11. studiemånaden – juni. Ei sak Venstre har kjempa for i mange år og som dei fekk gjennomslag for no.

-Og dette er så bra, seier Aarberg. Det gjer at vi kan konsentrere oss om eksamen i juni i staden for jobbing.

Betre for eksamensmånaden

Studiefinansering for 11. studiemånaden skal gradvis opptrappast mot 2020 slik at det også i juni blir full utbetaling. I år kom det pengar berre for ei veke.

-Men denne eine veka hadde også mykje å seie, og studiefinansering for juni er kjempeviktig for studentane.

Liv Aarberg har bakgrunn frå Unge Venstre, men seier at dette er noko mange studentar snakkar om og er glade for.

-Sjølv om ein skulle få seg sommarjobb, så kjem ikkje første løna før i juli medan husleiga skal betalast også i juni. Studentfinansiering for juni er også difor svært viktig, og vi er glade for at det no steg for steg i åra framover går mot full finansiering også av eksamensmånaden juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**