Reint hav-start på båt

Reint hav er ei av hjartesakene mine. Difor startar vi innspurten på valkampen om bord i ein fiskebåt, seier Pål Farstad, stortingsrepresentant for Venstre i Møre og Romsdal., Torill Myren

Fredag startar Pål Farstad og Venstre valkampinnspurten. Det gjer dei frå ringnotsnurparen Leinebjørn og med å snakke om «Reint hav» og fiskeri.

Reint hav er ei av hjartesakene mine. Med mangeårig bakgrunn frå fiskarlag veit eg kor viktig fiskeria er og også kor viktig reint hav er for det vi skal styre med i Møre og Romsdal i framtida, seier Pål Farstad.

Han seier reint hav er utgangspunktet for både mat og mulegheiter for fylket framover.

Med vår kunnskap frå maritime næringar byr havromet på store mulegheiter. Dei må vi ta vare på og då må vi ha reint hav.

Kan ikkje gamble med Mørefeltet

Ein del av dette er også å verne Mørefeltet. Dette er regnskogen i havet og ein av dei største biologiske prosessane på jordkloda. Her skjer sildegytinga som er avgjerande for silda, torsken og ei rekke andre organismar i havet. Pål Farstad seier vi må verne om dette.

Dette skattkammeret kan vi ikkje gamble med.

Fredag startar Møre og Romsdal Venstre innspurten på valkampen. Det skjer klokka 11 om bord i Leinebjørn på Leinehamna. Det blir miniforedrag ved Nils-Roar Hareide frå Runde miljøsenter om “Kvifor treng vi Mørefeltet?”, av Stig Arne Sævik frå Herøy fiskarlag om “Kvifor treng vi fiskeria?” og av Pål Farstad om “Kvifor treng vi Venstre?”. Det vert tid også til ein prat med dei frammøtte om både Venstre og fiskeripolitikk.

Etter opninga fredag føremiddag går turen vidare til møte med folk i Ålesund ved Hurtigrutakaia og Stuen på ettermiddag før ein held fram vidare med nye veljarmøte i gatene i Molde og Kristiansund laurdag.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**