Semesteropning i Volda – tale ved Lena Landsverk Sande

Ordførar i Vanylven kommune, Lena Landsverk Sande og rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen snakka til studentane under semesteropninga 2017., Foto: Per Straume, Høgskulen i Volda

I går var det semesteropning ved Høgskulen i Volda, og hovudtalar for dagen var ordførar i Vanylven og 2. kandidat for Møre og Romsdal Venstre, Lena Landsverk Sande. Høgskulen i Volda utdannar kvart år mange gode arbeidstakarar som vi treng både i vår region og i landet elles.

Lena peika på at det er viktig med eit godt samarbeid i studietida, og gjere seg godt kjend med medstudentar i starten av semeseteret. Det å vere student, er mykje meir enn forelesningar og lesesal, men også det er sjølvsagt viktig.

Venstre ønsker at mange unge skal studere. Det er ei god investering for framtida, både for dei unge og for landet vårt, og då må vi sørge for gode rammer slik at dei kan få eit god liv som studentar og godt utbytte av studenttida.

Eit resultat av det er studiefinansiering for den 11. studiemånaden – juni. Ei sak Venstre har kjempa for i mange år og som dei fekk gjennomslag for no.

Studiefinansering for 11. studiemånaden skal gradvis opptrappast mot 2020 slik at det også i juni blir full utbetaling. I år kom det pengar berre for ei veke.

Du kan lese meir om semesteropninga på Høgskulen i Volda sine nettsider.

Her kan du sjå opptak frå opninga.

Meir om Venstre, studiestøtte, studentbustadar og stipendstillingar i Volda og Ålesund kan du lese om her.

Heile talen til Lena Landsverk Sande kan de lese her:

Kjære studentar, rektor, tilsette, ordførarar og andre gjestar. Gratulerer så mykje med dagen!

Hjarteleg takk til Høgskulen i Volda, for invitasjonen, og for at eg vart spurt om å halde opningstalen i år! Det er ei utruleg stor ære, og heilt ærleg var det ei aldri så lita overrasking. Tenk at Vanylven har blitt lagt merke til, og sett i den store samanhengen. Det er jammen noko eg set stor pris på, som ordførar i vakre, flotte Vanylven. Og noko eg set stor pris på som ein mindre nabo, litt lenger ute i havgapet, frå ei kommune som har sakna merksemd frå storebrørne Volda og Ørsta. Når eg no har vore så heldig å få ordet kunne eg ha nytta tida til å snakke om Vanylven som tureldorado, som fiskeparadis eller om sykkelløypene i fjellet, MEN utgangspunktet for invitasjonen vi fekk var rett og slett studentstuntet som kommunen har gjort – med avskriving av studielån.

For no er det altså slik at når de er ferdig utdanna studentar her i Volda, så må de vite kvar Vanylven er. For å kome dit kan de berre ta ferja over fjorden, til Lauvstad, svinge til høgre i vegkrysset, og køyr i drøye 10 minutt. Då er de komne til kommunen som no tilbyr avskriving av studielån med 15% i året, opp til 28.000 i året, for alle som er nytilsette i Vanylven kommune. Tenk på det! Er du ein kunnig, nysgjerrig, engasjert og nyutdanna ungdom, som ikkje er redd for å trå til – velkomen til Vanylven!

Avskriving av studielån er eitt av tiltaka Vanylven har gjort for å vise at vi set pris på å få dei unge tilbake. Vi har også i Vanylven ei eiga UNGDOMSKONTAKT, vi er ei MOT-kommune, og vi arrangerer gratis sommarskule for borna, der dei sist sommar bla. anna kunne velje dans, grafitti, matlaging eller surfing i Ervika. Alle kurs er helde med dyktige personar innanfor sitt felt, med engasjement for born og unge.

I Vanylven har vi også ei eiga stilling som heiter Jobbsjansen for unge. Her tek vi inn ei lita gruppe ungdom, som akkurat no er i ein mellomstasjon i livet. Nokre er ferdige med vidaregåande, men valde feil linje, nokre veit ikkje kva dei ynskjer å gå vidare med, og har gått litt inn i ventemodus, andre har hatt ein vanskeleg bakgrunn, og har kome til oss via godt samarbeid med NAV. Vi gir dei ein ny sjanse til å kome seg ut som lærling, eller i arbeidstrening, eller rett og slett å kome seg vidare i studia sine, noko som for alle ikkje er like enkelt.

Fokuset vårt er at alle er verdifulle, og vi kan alle oppleve ein liten «stans», eller eit lite «avhopp» i livet, og vi kan ALLE kome i ein situasjon der vi treng gode støttespelarar. Vanylven kommune ynskjer å vere ein støttespelar for våre born og unge, og mi oppmoding til dykk studentar her i dag er nettopp å velje å vere ein støttespelar for dei rundt deg.

Området her kryr av menneske, som av ein meir eller mindre god grunn føler seg usikker på seg sjølv. Vi føler oss alle annleis på ein eller annan måte, om det er fysisk eller psykisk. Om nokon har nedsett syn eller hørsel, sit i rullestol eller snakkar eit anna språk, så skjønar vi fort behovet for tilrettelegging. Men om nokon har allergiar eller angst, eller har opplevd traume i livet, så syner det ikkje så godt utanpå, men har likevel stor påverknad på korleis ein kan leve livet sitt. Uansett kven vi er, eller korleis vi har det, så har vi alle behov for å bli sett, og verdsett for den vi er.

Du treng ikkje alltid gjere så mykje, men akkurat DU kan utgjere ein skilnad i andre sitt liv. Smil til nokon du ikkje kjenner. Sei hei! Sjå andre sitt behov for å vere ein del av eit fellesskap, og ver villig til å strekke ut ei hand.

I dag er det ein god del til stades som ikkje kjenner nokon her i Volda frå før. Du kan bidra til å inkludere og til å involvere. Tør du? Vil du?

Kanskje er du sjølv ein av dei som kjenner svært få eller ingen? Sei frå! Ver med! Still opp på dei arrangement du kan no i oppstartsveka. Dette er ei utruleg viktig veke i livet ditt. Dei fleste andre nye her er akkurat like spent og usikker som du. Møt opp der det skjer, og delta. Studentar er i hovudsak opne og søkande, så viser du interesse for andre, så får du som oftast ein god respons. Får du ikkje klaff ein stad, så prøv noko anna.

Fadderveka, som vi no går inn i, handlar om å bli ein del av eit fellesskap. I denne veka er det å bli kjent med andre viktigare enn å bli ferdig med dei 1000 første sidene i pensum. Det er i denne veka du blir kjent med medstudentane dine. Det er no du treff mange med akkurat same oppstartsfokuset, og det er desse dagane alt skal skje på ein gong. Ikkje tenk at dette blir travelt. Det gidd eg ikkje engasjere meg i. Eg kjenner nok folk frå før. Tenk at denne veka er berre gøy. Det handlar om å bli kjent med andre, det handlar om å gje andre ein god kjensle av å vere ein viktig del av gruppa, og det handlar om å gje ein god start til livslange venskap. Og for dei som vil gjere det som statistisk sett gir gode resultat: Eg las at statistikken viser at dei som deltek denne veka har høgre gjennomføringsgrad enn dei som ikkje er med. Så om du vil deg sjølv vel, så delta for fullt! Og då må eg få nytte høvet til å takke alle dykk som stiller opp som fadrar denne veka. De går travle dagar i møte, men de har verkeleg skjønt det! De gjer ein kjempejobb med å legge til rette for at andre skal trivast, og det fortener de stor ros for! Ein applaus!

Eg sjølv er ein gamal Volda-student. Etter vidaregåande i Volda, og to år i arbeid på Haugen Bok, så byrja eg på Lærarhøgskulen i Volda i 1992. Eg var med i første kullet på 4-årig lærarutdanning, og måtte innstille meg på eitt heilt år lenger studium, enn dei som starta året før meg. Og tenk! I fjor haust var eg på 20-års jubileum! Og kjære vene – den tida går fort! Og FOR ei glede det var å møte att desse gamle venene, der vi berre klikka tilbake til 95 på eit lite augneblink.

Eg unner dykk alle ei slik oppleving, så difor oppmodar eg dykk alt i dag til å tenkje at dei rundt dykk ein dag er gamle vener, og det skal vere eit ynskje vi har når vi forlet kvarandre etter studiet i Volda – VI SKAL MØTAST ATT! Og skal de kome dit – så må de ha det kjekt i lag i dag. Det er no de legg grunnlaget for at de skal sakne kvarandre i framtida, at de skal ynskje å sjå kvarandre att. Og når de møtast att, så gler de dykk over at folk jammen er akkurat slik i dag, som dei var den gongen i Volda for 20 år sidan.

 

Eg er, som de forstår, politikar, og eg er meir enn nokon gong oppteken av studentar, så vel som dei som er langt yngre, og startar på studiekarrieren sin i barnehagen. Det er valår i år, og eg står som 2. kandidat på fylkeslista til Møre og Romsdal Venstre.

Venstre er eit lite parti, det er vårt eldste parti, men vi er framleis opptekne av å jobbe for dei yngre, for individets rett, og at vi tek ansvar for fellesskapen.

Las de om Remi Andrè frå Haugesund på NRK sine sider i dag? Han har reist frå Haugesund til Oslo for å studere, og er ein av over 12.000 studentar i Norge, som no ved studiestart står utan plass å bu. Midlertidig bur han difor i ei køyeseng på eit fellesrom med 24 andre på eit apartementshotell. Det er ikkje slik vi ynskjer det for våre studentar, så der har vi framleis ein veg å gå. Men for Volda blir det lagt til rette. Med ein studiestad som stadig veks, så må studentane ha plass å bu. Det var difor stas når eg i vår fekk kome til Volda saman med regjeringspartia og KrF og presentere støtta til 120 fleire studentbustader til Volda.

Vår Pål Farstad i Venstre fekk gjennomslag for å behalde Lånekassa i Ørsta, og han fekk dei andre på tinget med seg på at Globalskulen her i Volda framleis skal få drive nettundervisning for meir enn 1400 elevar i 100 land rundt om i verda. Dette er viktige saker for oss, og dette er gjennomslag vi er svært nøgde med. Og det er resultat vi har nådd ved å spele på lag med andre parti, og andre politikarar. Og kvifor fortel eg dykk dette i dag? Ja, sånn reint bortsett frå at det er valkamp? Jau, fordi det er viktig er å forstå at også dei små kan ha gjennomslagskraft. Eg vil at du skal hugse at du er ein del av eit fellesskap, og du MÅ samarbeide med andre for å nå viktige mål.

Med det meinar eg at de som er studentar ikkje skal vere redde for å seie meininga dykkar. De skal stå opp for det de trur på, sjølv om det kan sjå ut som om dei fleste fyl ein annan straum. Dine meiningar er viktige, og dine meiningar kan endre verda. Det er difor viktig at du bidreg. Stå opp for det du trur på. Og ha respekt for at du er ein del av eit mangfald. Ha fokus på at vi må gje og ta for å oppnå gode resultat. Og aksepter at du, som ein liten del av ei gruppe, må rekne med å bli nedstemt gong etter gong etter gong. Men innimellom blir di stemme høyrt, og det er du som får fleirtalet på di side, og då får du vere med å bidra til positive endringar – for deg sjølv, og for fellesskapet. Kvar og ein av dykk er eit viktig individ – men gløym ikkje at du er ein del av eit fellesskap, som DU er ansvarleg for å vere med på å bygge. Berre tenk på Karsten Warholm, frå Gullsteinvik, som nyleg vart verdsmeister i 400 meter hekk. Han er EIN mann. Ein mann åleine, som tok gullet til heile Norge. Men trur de at han hadde kome dit han er i dag utan gode støttespelarar rundt seg? Eg trur det ikkje. Gode gener er ein ting, talent og masse vilje noko anna. Men det å ha foreldre som køyrer til og frå, ein trenar som ser deg og som backar deg, ein klubb som gjer det vesle ekstra for at VÅR Karsten skal få gode treningsforhold, publikum som står på sidelinja og heiar, og kanskje ventar ei stund etterpå for å gje ein ekstra klapp på skuldra. DET er avgjerande for at ein mann ein dag står øvst på pallen. Saman oppnår vi gode resultat – Karsten Warholm er talentet, men sigeren er ein lagseier, eit lands seier!

I dag ynskjer eg å oppmode deg i å tenkje på korleis du kan vere med på å skape vinnarar i miljøet rundt deg? Tenk over det. Tenk på korleis du kan vere med å gjer andre gode. Og gjer det som trengst. Og gled deg med dei. Gir du andre støtte, så er det også lettare å få støtte tilbake når du treng det.

Og for å ta det tilbake til politikken. Delta i debatten, uansett kva parti som ligg nærast ditt hjarte. Hugs å stemme, folkens! Di stemme tel. Sjølv om du no er langt heimanfrå så kan du røyste på dine politikarar i heimfylket. Du kan førehandsrøyste her i Volda, og få den sendt til heimkommunen. Det er din rett – og det er di plikt!

 

På same måten som det er viktig at du deltek med di stemme under Stortingsvalet vil eg oppmode deg om å vere aktiv i di studietid her i Volda. Som student i Volda for nokre år sidan var eg sjølv så heldig å få vere med på mykje. Eg var tillitsvald i klassa mi i fleire år, eg har vore med som skodespelar i VEKErevyen, eg har vore med i styret i Samfunnet, og eg har vore med i Veke-styret. I tillegg jobba eg som kroassistent, og etter kvart krovert på studentkroa i Volda, så eg var i alle studieåra aktivt med på det som skjedde i studentmiljøet. Eg er så takksam for den erfaringa, og tenkjer i ettertid at eg skulle vore med på meir av fellesaktivitetar, så om eg kan få gje dykk eit godt råd, så kjem det her og no: ENGASJER DYKK! Å vere student er så mykje meir enn forelesingar og lesesal. Og jau då, eg meiner det er viktig å møte opp til førelesingane. Til ALLE førelesingane, og eg meiner de skal delta i kollokvier og sitte grublande over bøkene. Det er viktig å ha fokus på å studere når ein er student, og ein bør gjere det ein kan for å bli ferdige på normert tid. Hugs at det også handlar om å få studielån omgjort til stipend, så vel som det handlar om å kome seg vidare i livet. Men eg meiner også at de må delta i studielivet, folkens! Det er der det skjer! De bygger relasjonar, og de bygger studentbygda Volda vidare. NO er det dykkar ansvar å sørge for at andre studentar også vil til Volda. Ikkje berre fordi du her har ein unik nærleik til førelesarar og til dei andre tilsette på studiestaden. Her skjer det heile tida noko for studentane, og her er det heile tida noko å engasjere seg i. Når du skal tenkje tilbake på studietida di i Volda, så hugsar du helst dei gode stundene SAMAN MED ANDRE. Og vit det alle saman. Du står no framfor dei viktigaste åra for resten av ditt liv. Du skaper mulegheitene, i lag med dine medstudentar. Sørg for at det blir gode år, og sørg for å skape gode minner – for deg, og for dei rundt deg. Det er ditt ansvar!

Og kos dåkke i Volda, gode studentar. Dette er ein liten stad, i ei bygd der ein er vant til at nær ein tredel av innbyggarane er vekke på sommarstid, og kjem att i litt nye fargar og fasongar neste haust. Voldingane er stolte av studentane sine! Gje dei god grunn til det!

Ynskjer dykk alle hjarteleg til lykke med det nye studieåret, og vil med dette erklære Høgskuleåret i Volda 2017/2018 for i gongsett. Gratulerer med dagen, alle saman!

Lena Landsverk Sande

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**