Ei H/KrF/V – regjering viss folk vil!

Trine Skei Grande og Gunn Berit Gjerde

Lesarbrev frå Gunn Berit Gjerde.

For mange av oss hadde det vore godt med ei regjering utan ekstreme synspunkt i verken den eine eller andre retninga. Også for landet vårt hadde det gjort godt, trur eg. Og det er fullt mogeleg om vi stemmer H/KrF/V.

Vi har hatt mindretalsregjering før, med hell for landet vårt.

Venstre garantere at vi i ei slik regjering vil:

  • Sikre pengar til forskning og utdanning for å sette ungdomane våre i stand til å bli med på eit nytt teknologieventyr der klima og miljø står i sentrum.
  • Ein meir praktisk skule for dei som treng handfaste ting for å lære.
  • Ein barnehage og skule der borna blir stimulerte til å utvikle evnene og interessene dei har.
  • Ein økonomisk og sosial politikk som gjer at grunderar og investorar vågar å bli med på arbeidsplassar for nye skatteinntekter til ei god eldreomsorg og hjelp til dei som treng det mest.
  • Ei fornuftig nedtrapping av oljeverksemda .

Og menneskeverdet vårt omfattar alle, same kvar dei kjem frå.

Ikkje la deg lure av at nokon seier det kun finst to alternativ, blåblått eller raudt. Den gyldne middelvegen som både greier å vere varm og nyskapande utan ekstreme utspel er der!

Det er opp til deg.

Gunn Berit Gjerde(V)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**