Viltforvalting er mykje meir enn landbruk

Surnadal kommune

Årsmøtet i Møre og Romsdal Venstre tykkjer at flyttinga av forvaltinga av dei jaktbare viltressursane frå Klima- og miljødepartementet til Landbruks- og matdepartementet er forhasta og uheldig. Vi oppmodar om at dette blir reversert.

Jakt er ein gammal og høgt verdsett aktivitet i Noreg. Det har alltid vore basert på at ein har hausta eit berekraftig overskott, og dette har ein oppnådd gjennom ei kunnskapsbasert forvalting.

Sentralt i viltforvaltinga er at ein har teke omsyn til viltet gjennom å ta vare på leveområda og unngå inngrep og aktivitetar som skal skada livskraft og produktivitet til viltstammane. Prinsippet om å skilje forvaltinga av vilt og interesser som samferdsel, skogbruk, jordbruk og beitebruk har vore gjennomført sidan 1960-talet. Det er bygd opp ein god kompetanse i både forvalting og forsking, og fleirbruksvurderinga er gjort gjennom tett kontakt mellom ulike forvaltingsetatar.

Ei kunnskapsbasert viltforvalting krev brei kunnskap om naturtilstanden, viltførekomstane og faktorar som trugar desse. Ein treng brei kunnskap om økosystema der viltet inngår, og det blir veldig feil å trekke ut det jaktbare viltet frå denne heilskaplege vurderinga.

Vi registrerer den store motstanden mot vedtaket, og Møre og Romsdal Venstre fryktar at ein får eit bukk- og havresekkprinsipp, der både viltet, jegerane og grunneigarane vert taparane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**