Grøn revolusjon i ferjetransporten

Den norske ferjeflåten er i ferd med å verta fossilfri.
Den norske ferjeflåten er i ferd med å verta fossilfri. , Ill: Havyard Group / Fjord1

– Det er ikkje lenger draum og fantasiar. Det skjer no. Mykje raskare enn dei fleste anar. Heile den norske ferjeflåten er i ferd med å verta fossilfri, seier Venstres ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Produksjon og sal av miljøvenlege bilar har eksplodert dei siste åra, no kjem ferjetrafikken etter. Mandag denne veka vart to elferjer døypte i Sogn og Fjordane. MF Gloppefjord og MF Eidsfjord er heilelektriske ferjer levert av Fjord1 som no skal i trafikk mellom Anda og Lote (E39). I byrjinga av mars vart det kjend at Fjord1 har signert to kontraktar for bygging av sju nye ferjer med null- og lavutsleppsteknologi. Fem av desse vert bygd i Noreg.

Opning av nye elferjer på sambandet Anda - Lote i Sogn og Fjordane.
Opning av nye elferjer på sambandet Anda – Lote i Sogn og Fjordane.

Arbeidsplassar og grøn vekst

– Vi held på å verta verdas utviklingssenter for maritim nullutsleppsteknologi. Ny teknologi og krav om mindre utslepp av klimagassar, skapar nye arbeidsplassar og betre tenester for folk, seier Bjørlo.

– Dette er ei utvikling som berre kjem til å fortsetja. No gjeld det ferjene, snart gjeld det hurtigbåtar, lasteskip og cruiseskip, seier Jon Gunnes, som er Venstres mann i Stortingets komité for samferdsel.

Dei peikar på at vi ser starten på ein grøn revolusjon, som kjem til å feie gjennom verda dei neste åra. Siemens i Trondheim skal levere elsystem til ferjer i heile verda. Trøndelag får batteri- og hybridferjer som reduserer utsleppa med 75 prosent. Verdas tre leiande produsentar av batterisystem for maritim sektor, planlegg no alle å etablere fabrikkar i Noreg (to i Trondheim og ein i Bergen).

Venstre-tema: Miljøvennlig transport

Grøn ferjetrafikk

Nyhenda om grøn ferjetrafikk har kome tett det siste året. Fjord1 har no over 20 elektriske ferjer i bestilling for levering dei neste to åra. Statens Vegvesen har blinka ut at den første hydrogen-ferja skal i ordinær rutedrift i Rogaland i 2021. Vegdiretoratet arbeider med ei standarløysing for lading av ferjer.

– Ferjene er enormt viktige for oss som bur i og langs dei norske fjordane. Dei er viktige for næringsliv, arbeidsplassar og skipsverft, seier Bjørlo.

Venstre-tema: Miljøvennlig sjøfart

Jon Gunnes
– Dei store hamnene i Noreg skal ha landstrøm for cruiseskip. Stortinget har óg bedt regjeringa om at alle ferjeanbud i framtida set krav til null- og lavutsleppsteknologi når det er mogeleg, seier Jon Gunnes.

Viktig for Venstre

Jon Gunnes slår fast at Venstre har styrka Enova sitt program for miljøvenleg samferdsel med over 400 mill. kroner i budsjettforlikene 2013-2017, utover regjeringa si satsing.

– Samstundes er det slått fast at alle dei store hamnene i Noreg skal ha landstrøm for cruiseskip. Stortinget har óg bedt regjeringa om at alle ferjeanbud i framtida set krav til null- og lavutsleppsteknologi når det er mogeleg, seier han.

– Grøne løysingar på sjøen var tema under regjeringsforhandlingane i januar. Der har regjeringa forplikta seg til å forsterke denne utviklinga. Mellom anna skal det stillast krav om utsleppsfrie eller fornybare løysingar i offentlege ferjeanbud. Vi skal gjera vårt for at denne positive utviklinga fortset, seier Jon Gunnes.

Regjeringsplattforma seier óg: «Videreutvikle programmet for grønn skipsfart til å omfatte nullutslipps- og hybridkonsepter for ulike fartøykategorier innen 2030. Etablere egne planprogrammer for å redusere utslipp innenfor marin og maritim sektor.»

Lynrask overgang

Bjørlo peikar på at sjøtransporten er i ferd med å få ein lynrask overgang frå ei fossil, sterkt forureinande transportkjelde til å verta fossilfri.

– Det er stas. At vi i vårt vesle hjørne av verda er med på å vera først i på det store som vil koma i åra som kjem: Ein transportsektor utan klimautslepp – som pløgjer stilt gjennom verdas vakraste fjordlandskap.

[mc4wp_form id=”200299″]
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**