God stemning på første medlemsmøte for lokallaga i Nye Ålesund

Medlemsmøte i Nye Ålesund Venstre på Skodje Rådhus 9. april 2018., Britt Giske Andersen

Omlag 30 engasjerte Venstre-folk var samla på medlemsmøte for lokallaga i Nye Ålesund. Møtet fann stad på Skodje Rådhus der Arild Terje Antonsen (Ålesund Venstre) opna møtet og ynska deltakarane og gjestane vel møtt.

Kari Grindvik (Skodje Venstre) leia første post på programmet som gjekk på dei formelle vedtaka knytt til samanslåing av lokallaga. Mellom sakene var val av interimsstyre og nominasjonsnemnd, vedtekter, organisering og økonomistell.

Styret: f.v. nestleiar Arild Terje Antonsen (Ålesund), varamedlem Nadarajah Gunapalan (Ørskog), styremedlem Håvard Urkedal (Haram), styremedlem Kristin Fjørtoft (Sandøy) og leiar Kari Grindvik (Skodje).

Interimsstyret vart vald ved akklamasjon. Kari Grindvik og Arild Terje Antonsen vart høvesvis leiar og nestleiar medan Geir Peter Aure (Ørskog Venstre), Kristin Fjørtoft (Sandøy Venstre) og Håvard Urkedal (Haram Venstre) vart styremedlemmar.

Frå Venstre sentralt deltok rådgjevar Fredrik O. Carstens som presenterte korleis VHO vil støtte det nye laget og planar for komande kampanjar. Det viktigaste framover er gjere seg kjent i den nye kommunen og lytte til innbyggarane sine behov.

Møtelyden fekk så ei grundig innføring av Grindvik på spørsmålet om korleis kommunereform og samferdsel endrar regionen. Både interessekonfliker og gode intensjonar vart løfta fram. -Konkurransen er ikkje mellom nabokommunane men med sentrale strøk, understreka Grindvik.

Under debatten i etterkant av presentasjonen nytta Pål Farstad, som er aktuell til Venstre sitt sentralstyre, høvet til å gratulere laget med dagen og ynskje lykke til med det vidare arbeidet. Det vart også ein livleg debatt om kollektivtransport og samarbeidet mellom Ålesund by og omland.

Etter ein kort beinstrekk var det duka for informasjon om nytt soningssenter på Digerneset ved representantar frå Sunnmøre Regionråd og Ålesund fengsel. Det gamle fengselet tilfredsstiller verken dagens krav eller behovet i vår region, medan eit nytt fengsel vil gi betre moglegheiter til behandling vart det framheva.

Statsekretær i justisdepartementet Sveinung Rotevatn.

Statsekretær i justisdepartementet Sveinung Rotevatn fortalde om den nye kvardagen etter Venstre gjekk i regjering. Fordelane med regjeringsdeltaking er at Venstre får påverke prosessane heilt frå start og sette preg på politikken til regjeringa. Rotevatn poengterte at dette er ein god posisjon for Venstre.

Avslutningsvis gratulerte fylkesleiar Britt Giske Andersen det nye laget og viste til det store potensialet laget har til å verve nye Venstre-folk. I god Venstre ånd vart det både sosialt samvær og nettverksbygging utover møteslutt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**