Vil løfte og drøfte vegar i Sunnfjord

Førdepakken, rassikring og E39 i tunnel utanom Førde sentrum er tema under «Pils og politikk» 4. juni.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

«Veg i Sunnfjord» er tittelen for det opne møtet på Bartine Bar på Sunnfjord Hotell måndag 4. juni. Med seg for å løfte temaet har partilaget invitert fem innleiarar som vil sette lys på ulike sider ved samferdsla i regionen.

– Viktige vegprosjekt
– Det er mange som lurer på kor tid den neste store steinblokka ramlar ned på Riksveg 5 mellom Førde og Florø og i kor mange år små og store køyretøy må tråkle seg oppover E39 i Halbrendslia. Ein del undrar seg nok også på om Førdepakken berre betyr meir bilar, bråk og eksos. Veg og trafikk engasjerer og angår mange, og vi håpar at vi gjennom møtet kan få fram nye perspektiv og få løfta dei viktige vegprosjekta i regionen vår, fortel Åge Avedal, leiar i Sunnfjord Venstre.

På møtet blir det med fem innleiarar som på kvar sine vis ønskjer å løfte vegsatsingane i Sunnfjord. Ein av desse er Erling Varlid i Statens Vegvesen, som no er prosjektleiar for Førdepakken. Varlid har jobba i Statens Vegvesen sidan 2011 og har tidlegare leia arbeidet med mellom anna Dalsfjordsambandet og utbetringa av Olden – Innvik.

Stortingspolitikar deltek
Rolf Olav Tenden, dagleg leiar i Thor Tenden Transport AS og fylkesleiar i Lastebileigarforbundet i Sogn og Fjordane blir med på møtet for å gje eit bilete av korleis det er å ferdast til dagen med store køyretøy langs smale, svingete og rasutsette vegar på Vestlandet.

Sunnfjord Venstre har også invitert stortingsrepresentant Jon Gunnes (V) til møtet. Gunnes sit i Stortinget sin Kommunikasjons- og transportkomité, og vil i forkant av «Pils og politikk» vere på rundreise i distriktet for å sjå og høyre om ulike vegsatsingar.

Med som innleiarar på møtet blir også Gunn Merete Paulsen, bystyrerepresentant i Førde kommune og medlem av fellesnemnda for nye Sunnfjord kommune og Gunhild Berge Stang, ordførar i Fjaler kommune og medlem av Fylkestinget og Hovudutval for samferdsle i fylket.

– Arrangementet er ope for alle som vil ha meir kunnskap om vegutfordingane i Sunnfjord og dei mange vegtiltaka som står i kø, eller som vil ta del i debatten og utfordre politikarar og dei som har veg eller transport som fag, seier Åge Avedal i Sunnfjord Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**