Gjerde, Nordseth og Austigard skal finne nye toppfolk i Venstre

Fylkesordførerkandidat, Gunn Berit Gjerde, Øivind Leren

I fire periodar har Møre og Romsdal Venstre hatt nokre av dei mest markante og slagkraftige fylkespolitikarane. – Eg er svært glad for at desse no har tatt på seg oppgåva med å saumfare Møre og Romsdal for å finne Venstres nye kandidatar i fylket, seier fylkesleiar Britt Giske Andersen.

– Når tre solide og kunnskapsrike folk seier takk for seg, så gler det meg stort at dei har takka ja til å leie nominasjonskomiteen for å finna gode kandidatar. Som eit fylke prega av vekst og verdiskaping, må vi sikre oss at vi har dei beste folka der beslutningane skal takast. Og eg er sikker på at dei kjem til å jobba hardt for å finne dei beste kandidatane som skal sloss for betre løysingar for regionen vår, seier Giske Andersen

Gunn Berit Gjerde har takka ja til å leia nominasjonskomiteen. Med seg har ho både Iver Nordseth og Frøydis Austigard.

– I tida fram mot nominasjonsvalet vil dei bruke sitt nettverk og si kompetanse for å finne nye gode kandidatar og arvtakarar til fylkesvalet 2019. Eg trur det vil skje med same engasjement som desse tre så imponerande har vist i politikken i alle desse åra, seier Giske Andersen.

– Vi har hatt eit fantastisk samarbeid i fylkestingsgruppa. Vi har utfylt kvarandre godt og vore i viktige posisjonar for å få fram god Venstre-politikk. No er vi opptekne av å sleppe andre til og få til eit nytt godt team, seier Gunn Berit Gjerde

Gunn Berit Gjerde

Har sete i fylkestinget sidan 2003 (4 periodar). Dei siste to periodane som fylkesvaraordførar. Som fylkespolitikar har ho også sete i næringsutvalet og utdanningsutvalet. Ho starta si politiske karriere som direktevald ordførar i Hareid, der ho sat i to periodar. Innom Stortinget i 1 ½ år rakk ho også, som vara for Leif Helge Kongshaug.

Frøydis Austigard

Frøydis Austigard har sete i fylkestinget sidan 2003 (4 periodar). Heile tida i kulturutvalet og har også vore leiar av kulturutvalet ein periode. I tillegg til å vere ankerkvinne for Molde Venstre i ein mannsalder har ho og vore varordførar i Molde.

 

 

Iver Nordseth

Iver Nordseth er superveteran med heile 20 år i fylkestinget. Alle fem periodane i samferdsleutvalet, som han også har vore både leiar og nestleiar av. No leiar han Trafikktryggingsutvalet. Han har i tillegg vore ordførar på Smøla i 20 år og var Venstres mest populære ordførar med opptil 40 % oppslutning.

Nominasjonsutvalet

Gjerde, Nordseth og Austigard får med seg Andrea Pracey, nestleiar i Møre og Romsdal Unge Venstre og ein representant frå Venstrekvinnelaget i nominasjonskomiteen. Sjølve nominasjonsmøtet der arvtakerne skal veljast er ikkje før 10. – 11. november. No startar arbeidet ute i lokallaga og blant medlemmane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**