Takk, Sunnfjord Miljøverk, takk!

Foto: pxhere

LESARINNLEGG: Plastinnsamling er dugnad for miljøet, klimaet og havet, skriv Vigdis Tonning, nestleiar i Sunnfjord Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

Denne månaden kom den nye renovasjonskalendaren og vi vil nytte høvet til å skryte av Sunnfjord Miljøverk. Vi i Sunnfjord Venstre og mange andre aktørar har pressa på for innsamling av plast ved hushaldningane. Vi har lenge undra oss over at Sunnfjord Miljøverk ikkje har tilbydd dette til abonnentane, når dei andre miljøverka både i nord, aust, sør og vest har eit slikt tilbod. No har administrasjonen og styret i SUM jobba godt, og ei innsamling av hushaldningsplast kjem i gang rett etter nyttår. Vi i Sunnfjord Venstre er glade for at dei har komme til ei ordning.

Nokon vil kanskje synest dette er litt tungvindt og vanskeleg å sette seg inn. Når ein ser på kva positive verknader innsamling har, trur vi likevel at dei fleste vil vere med på dugnaden.

  • Det trengst 2 kilo olje for å lage 1 kilo plast, medan ein kun treng 1 kilo innsamla plast for å lage 1 kilo ny plast. Dermed er innsamling og gjenvinning bra for klimaet og god ressursutnytting.
  • Plast som hamnar i havet kan ta livet av både fisk og marine pattedyr. Alle hugsar vel kvalen som vart funnen på Sotra, og som hadde magen full av plast. Plast som vert innsamla ved hushaldningane hamnar i alle fall ikkje i havet, og dermed tek vi betre vare på miljø og dyreliv.
  • Når plasten vert sortert, innsamla og gjenvunnen, vert det mindre søppel som skal i den vanlege avfallsdunken. Dermed vil det bli mindre avfall som må handterast og lagrast på søppelfylling.

Vi oppmodar folk om å lese seg opp på korleis dette skal gjerast, og vere med på dugnaden for miljøet, klimaet og havet. For det er vel ingen grunn til å tru at grensa for kven som klarar å sortere plast går ein stad i Våtedalen?

Sunnfjord Venstre
v/ nestleiar Vigdis Tonning

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**