Vi treng Venstre i Møre og Romsdal

Fylkesleiar Britt Giske Andersen og Alfred Bjørlo var godt nøgd under LPN i Molde., Møre og Romsdal Venstre

Eid-ordførar Alfred Bjørlo drog i gong debatten på lokalpolitisk nettverk i Molde laurdag 29. september.

Nestleiar Tove N. Rokstad om listestilling.

Nestleiar Tove N. Rokstad starta møtet med inspirasjon til listestilling for kommunevalet neste år. -Dette er viktig for å vere eit landsdekkande parti og gir velgarane moglegheit til å stemme Venstre, poengterte Rokstad.

Bjørlo tok så over stafettpinnen med “nabosjekken” der han fortalte om Venstre i Eid og i Sogn og Fjordane. -Venstresympatisørar er samfunnsengasjerte men ikkje nødvendigvis mest oppteken av regionsreforma, fastslo Bjørlo.

Møre og Romsdal Venstre

Etter lunsj tok Toivo Brennløkken og Kristian Stråmyr ein gjennomgang av regionssamlingane som blei arrangert i juni. Dette var ei desentralisert utgåve av lokalpolitisk nettverk der fylkesstyret og VHO møtte lokale tillitsvalde i dei fire regionane i fylket. Det kom positive og konstruktive tilbakemeldingar på dette initiativet.

Høgdepunktet var den politiske debatten som Bjørlo innleia. Temaet var “Trenger vi Venstre i Møre og Romsdal, og trenger vi Venstre nasjonalt?”, altså distriktspolitikk. -Dei beste løysingane for folk finn vi lokalt, og mange store samfunnsendringar byrjar i det små. Vi må kreve vår sjølvsagte plass i framtids-Noreg, konkluderte Bjørlo.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**