Gladnyheit for Sunnmøre Museum

På bildet frå v. Kari Grindvik, Øystein Tvedt Høgre. Siw Solvang, prosjektleder, Geir Stenseth Frp, Britt Giske Andersen og Torbjørn Akslen konstituert Direktør Stiftinga Sunnmøre Museum, MRV

Sunnmøre museum får 2 millioner i 2019 og 3.9 mill totalt. Dette var gledelig nytt og ble godt mottatt av dei ansatte då fylkesleiar Britt Giske Andersen og Ordførarkandidat for Ålesund Kari Grindvik fekk gleda av å overbringe det glade budskap i lag med representantar frå Høgre og Frp.

Løyvingane over Kulturdepartementet sitt budsjett er eit investeringstilskot som skal nyttast som delfinansiering til bygningar og lokale for institusjonar og tiltak som har ei nasjonal oppgåve, ein landsomfattande funksjon eller ein viktig landsdelfunksjon.

Prosjektet har søkt om støtte på bakgrunn av lokale og regionale behov og skal gå til ombygging av museets publikumstilkomst og tilrettelegging av kontorlokala på Borgundgavla. Noko som er både etterlengta og kjærkome. Stiftinga Sunnmøre Museum som består av 12 museum, har det meste av administrasjonen samla på Borgundgavla.

Prosjektet har vore gjennom den naudsynte kvalitetssikringa og har anna medfinansiering på plass.

Totalbudsjett for prosjektet er 8 mill som inkluderer både statlig medfinansiering og annen medfinansiering. Dette er godt handtverk av dei ansatte, dokke fekk det dokke søkte om, roste fylkesleiar Britt i talen sin. Dette vil bli eit kvalitetsløft både for dei som skal besøke museet og ikkje minst dei ansatte som no får moglegheit til å samle personalressursane sine på ein kvalitetsmessig betre måte. Dette blir bra, Gratulerer!

Gratulerer med dagen!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**