Stad Venstre har topp-kandidatane klare

Alfred Bjørlo og Helle Frogner i Hoddevika
Alfred Bjørlo og Helle Frogner i Hoddevika, Foto: Venstre

Alfred Bjørlo (Eid), Helle Frogner (Selje) og Knut Tore Nes Hjelle (Eid) skal toppe Stad Venstre si liste til kommunevalet 2019. Det meiner nominasjonsnemnda,
som la fram si innstilling til topp 3 på eit Venstre-møte i Selje 22. oktober. Nominasjonsnemnda i Stad Venstre foreslår også Gunnar Silden (Selje) og Kirsti Ohrvik
Olsen (Eid) mellom dei seks øvste kandidatane.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**

– Vi er svært glade for å ha fått på plass så dyktige og samfunnsengasjerte personar frå Eid og Selje på toppen av lista, seier leiar i nominasjonsnemnda, Gunvald Ludvigsen. Saman med Johan Kroken frå Selje har han leia arbeidet med å finne kandidatar på lista.

– Vi har også mange andre gode namn på lista klare både frå Selje og Eid, som vi gler oss til å offentleggjere, seier Gunvald Ludvigsen. – Det vi er aller mest ute etter no før vi er i mål med lista, er kandidatar på lista frå Bryggja. Eg vil sterkt oppmode samfunnsengasjerte personar på Bryggja til å seie ja til å stille på liste, slik at vi får breiast mulig representasjon frå heile den nye kommunen, seier Gunvald Ludvigsen.

Om Venstre sine øvste kandidatar til kommunevalet i Stad 2019:
Alfred Bjørlo frå Eid har vore ordførar i Eid sidan 2011, og stiller no som Stad Venstre sin ordførarkandidat i 2019.

Helle Frogner bur i Ervika på Stadlandet i Selje, og arbeider til dagleg som kulturrådgjevar i Vanylven kommune. Ho er også fotograf og klesdesigner med eige firma, driv med surfing og er danselærar for born og unge for på fritida. Helle flytta frå Oslo til Stad saman med familien i 2010.

Knut Tore Nes Hjelle bur på Hjelle i Eid, og er til dagleg bonde med sau og mjølkeproduksjon. Han vart vald inn i Eid kommunestyre for Venstre i 2015, og er leiar i Oppvekst- og Kulturutvalet i Eid. Knut Tore er også leiar i Eid Bondelag, og engasjert i mellom anna idrett og 4H.

Gunnar Silden frå Selje er til dagleg driftsleiar i Marine Harvest, og har arbeidd i oppdrettsnæringa i over 30 år. Han har vore medlem i Selje kommunestyre sidan 2011 for Tverrpolitisk Liste, men stiller no på Venstre-lista i Stad kommune. Gunnar er engasjert i lokalhistorie og utviklingsarbeid, og er blant initiativtakarane til eit nytt kontorfellesskap for gründerar i Selje.

Kirsti Ohrvik Olsen frå Mogrenda i Eid er til dagleg helsefagarbeidar ved Hogatunet Omsorgssenter. Ho vart vald inn i kommunestyret i 2015, og vart då også nestleiar i Teknisk- og samfunnsutvalet. Sidan hausten 2017 har Kirsti vore medlem i Formannskapet og Varaordførar i Eid.

Kontaktinformasjon Valnemnda i Stad Venstre: Gunvald Ludvigsen, mobiltlf 480 91 488.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 6 år siden.**