ÅLESUND MÅ INN I STATLEG ORDNING MED BYVEKSTAVTALAR

Nominasjonsmøte i Ålesund Venstre, Kristian Stråmyr

Ålesund Venstre ønskjer at vår by, vår byregion, skal vere med å bidra til at vi kan nå nasjonale og internasjonale mål knytt til å redusere utslepp av klimagassar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Vi ønskjer at Ålesund skal vere ein levande og attraktiv by med mindre utslepp av klimagassar, betre luftkvalitet og mindre støy. Vi ønskjer oss eit styrka kollektivtilbod, at fleire vel å sykle eller gå, og vi ønskjer at vår by skal ha ein arealpolitikk som sikrar mindre transportbehov og kortare reiseavstand for folk som bur i regionen vår.

Om vi no skal lykkast med å få brei lokalpolitisk semje om tiltak som nettopp kan føre til at vi kan få vere med å bidra til reduserte klimautslepp, treng vi hjelp av våre sentrale politikarar på Stortinget og i Regjeringa.

Nasjonale mål og internasjonale avtalar om berekraftig byutvikling krev handling. Vi ønskjer difor at vår byregion skal inngå byvekstavtale med Staten. Vi treng slike avtalar for å nå nullvekstmålet for personbiltrafikk, for å finansiere tiltak for å auke andelen som reiser kollektivt, syklar og går.

Å inngå ein byvekstavtale tyder at lokalpolitikarane må sette i verk mange tiltak for å redusere biltrafikken, men også våge å seie høgt at vi må halde fram med spleiselag der bompengar er avgjerande.

Det står i vårt stortingsprogram at Venstre vil auke belønningsordninga for storbyane, og utvide ordninga til å gjelde for fleire byer og byområde. Vi viser også til Stortingets vedtak i mai 2017 om at det skal vurderast om byvekstavtaleordninga skal utvidast. Vidare viser vi til regjeringserklæringa frå Jeløya der det står at vår regjering vil halde fram med utbygging av effektive løysingar for kollektivtransport, gang og sykkel i byområda gjennom etablering av byvekstavtalar og belønningsordningar i tråd med NTP.

Vi meiner at det må opnast for at Ålesund og andre mellomstore byregionar med meir enn 50.000 innbyggjarar, og som fyller krav til ein slik avtale, må kunne få byvekstavtale i NTP 2022- 2033. Regjeringa sitt ekspertutval om grøn konkurransekraft anbefaler dette, transportetatane anbefalte dette i 2014, i forarbeida til gjeldande NTP, og vi oppfattar det slik at dei ikkje har skifta meining.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**