ÅLESUND VENSTRE SER MED STOR URO PÅ FRAMLEGG TIL KUTT I HELSE MØRE OG ROMSDAL

ÅLESUND VENSTRE SER MED STOR URO PÅ FRAMLEGG TIL KUTT I HELSE MØRE OG ROMSDAL
F.v. Arild T. Antonsen (2. kandidat), Kari Grindvik (1. kandidat) og Kristian Stråmyr (8. kandidat). ÅLESUND VENSTRE SER MED STOR URO PÅ FRAMLEGG TIL KUTT I HELSE MØRE OG ROMSDAL, Ålesund Venstre

Kutt i distriktspsykiatri, rehabilitering og samanslåing av fødetilbod er ei dårleg løysing for pasientane. Ålesund Venstre seier nei til kutt som rammar rehabiliteringssenteret på Mork og Distriktspsykiatrisk senter på Ørskog.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Finansieringsmodellen og driftsformer er ein del av saka, og modellen med helseforetak var det AP, H og Frp som stod bak. Resultatet fører framleis same vegen; til sentralisering av arbeidsplassar, makt og kompetanse, slik Leif Helge Kongshaug påpeika i 2001, då modellen var oppe til handsaming i Stortinget. I 2017 vart Magnussenmodellen revidert. Den er slett ikkje meint til fordeling av ressursar mellom sjukehus i ein regionen, men mellom regionane.

For Ålesund Venstre er folks nærleik til velferdstenester eit verdival, og vi ønskjer ein struktur der førebyggjande arbeid og rehabilitering skal skje i rimeleg avstand til der folk bur.

Ålesund Venstre si bekymring er knytt til evna å levere gode tenester til innbyggjarane.

Statsministeren ønskjer at norske kvinner skal føde fleire barn. Tryggleik for fødande og nyfødde vert ikkje styrka av at det vert vurdert å slå saman fødeavdelingane. I regjeringsplattforma som vart lagt fram på torsdag vert det slått fast at regjeringa vil jobbe for eit heilskapleg og trygt fødetilbod i små og store sjukehus.

Psykisk helse er eit satsingsområde for regjeringa. Å ha velfungerande tilbod til denne pasientgruppa er avgjerande for å kunne gi tett oppfølging og førebyggje behov for lengre institusjonsopphald.

Samhandlingsreforma skulle gjere det enklare og meir saumlaust med pasientforløp mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Kommunen har fått større ansvar for førebygging og (re-)habilitering. Ein av føresetnadane er at kommunen skal ha tilbod og kompetanse innanfor fagfelta. Dersom Helse Møre og Romsdal planlegg å legge ned naudsynte og velfungerande helsetilbod utan at kommunane har eit apparat til å ta over eller får tilført ekstra midlar for å handtere desse pasientane er vi sterkt uroa for både pasienttryggleiken og kommuneøkonomien.

Å ta bort ein lekk i tenestetilbodet, får verknad for nivå både før og etter. Vi fryktar auka liggetid på sjukehus og større press på kommunale tenester. Vi forventar at kommunane vert tekne med i dei vurderingane som skal gjerast.

Vi har og forståing for at den økonomiske situasjonen helseforetaket er i, krev grundige vurderingar for å få drifta i balanse. Vi føreset at eventuelle kutt og tiltak skjer etter faglege vurderingar og i ein grundig prosess der tilsette og pasientrepresentar vert høyrt og etter dei reglar som arbeidslivet krev.

Ålesund Venstre fryktar konsekvensane av kuttframlegga, om dei vert realisert. Å leggje ned velfungerande tenester og kompetansemiljø, også i distrikta, synest ikkje å vere rett medisin. Det er vanskeleg å sjå at det er mogleg utan at pasientar vert ramma. Og vil i tillegg føre til auka kostnader for kommunen.

Kari Grindvik, leiar Ålesund Venstre/1. kandidat til kommunevalet

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**