Stad Skipstunnel byggestart 2021

Kystverket

Møre og Romsdal Venstre meiner at tida er inne for å få på plass verda sin første skipstunnel, og ber no regjeringa gje klarsignal til å sprenge første salven.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**

Tenk på kva vi sparar miljøet for ved til dømes å flytte hundre trailerlass pr. dag frå Gudbrandsdalen til sjøvegen? Kor mykje tryggare er det ikkje for andre å ferdast langs veg, om vi fekk vekk nokre av dei store bilane, og heller frakta konteinarar i skip langs kysten? Rolls Royce leverte i november 2018 ein rapport der dei dokumenterer korleis forbruk av drivstoff, fart og passeringstid blir med tunnel kontra utan? Ein skipstunnel i høve denne rapporten kan redusere utsleppa med opp mot 60%.

Betra kommunikasjonar vil knytte saman bu- og arbeidsmarknadar. Med hurtigbåt gjennom skipstunnelen får vi akseptabel pendlartid mellom kommunane nord og sør for stad. Kombinasjonen av naturopplevingar og ingeniørkunst, kopla opp mot andre spanande reisemål i regionen, vil sørge for at fleire turistar vel vårt område. Kystverket er klare for å sette i gong. Stortinget har vedteke i Nasjonal Transportplan at tunnelbygginga skal starte i første halvdel av prosjektperioden. Skal vi klare det, må midlane settast av i komande budsjett med byggestart i 2021.

Møre og Romsdal Venstre vil med Stad Skipstunnel vil sørge for å:

  • legge til rette for tryggare ferd rundt Stad
  • overføre meir gods frå veg til sjø
  • få ein spektakulær reisedestinasjon i konkurranse med verdas sju underverk
  • at det skal bli mogleg å reise med hurtigbåt frå Bergen til Ålesund
  • unngå verditap for fiskerinæringa grunna ventetid for passering rundt Stad
  • utvikle regionen, med utvida høve for pendling og næringsutvikling
  • utvikle turistpotensialet som er i den internasjonale marknaden
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 5 år siden.**