Reine fjordar, utan gruvedeponi

Foto: Helene Lind Jensen.

“No må vi samle alle gode krefter i kampen vidare for reine fjordar – utan gruvedeponi!” skriv styret i Sunnfjord Venstre i dette innlegget.

I sist veke kom meldinga om at Nærings- og Fiskeridepartementet har gjeve konsesjon til gruvedrift i Kvalsund i Finnmark. Avgangsmassane frå gruva vil bli dumpa i Repparfjorden. Nokre veker tidlegare søkte Nordic Mining ASA Direktoratet for Mineralforvaltning om driftskonsesjon for produksjon av rutil og granat på Engebø. Her er avgangsmassane planlagt dumpa i Førdefjorden.

Sunnfjord Venstre, og dei tidlegare Venstrelaga i dei fire kommunane som no blir Sunnfjord kommune, har heile tida vore motstandarar av fjorddeponi, og vi har med oss både Sogn og Fjordane Venstre og Venstre sentralt i motstanden. Vi er derfor svært skuffa over Nærings- og Fiskeridepartementet og regjeringa som har godkjent gruveprosjektet i Kvalsund, og vi er urolege for kva som vil kunne skje med søknaden om gruvedrift på Engebø.

Det er likevel slik at driftskonsesjonane heng saman med løyvet til å deponere gruvemassar i fjordane, eit løyve som vart gitt av Høgre- og FrP-regjeringa allereie i 2016. Venstre forsøkte den gongen å stoppe dette i Stortinget, i lag med MDG, SV og KrF. Vi vart stemt ned av Høgre, Framstegspartiet, Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Løyvet om deponi etter forureiningslova er dermed gitt, og kan i utgangspunktet ikkje lovleg trekkast tilbake. Løyvet som vart gitt i sist veke til Nussir i Kvalsund var dermed til gruvedrifta, og miljøfaglege spørsmål rundt deponiet vart ikkje vurdert i den prosessen sidan selskapet allereie hadde fått utsleppsløyve i 2016. Det er altså Høgre, FrP, Ap og SP har ført oss dit vi er i dag. Både lokalt i vertskommunane, på fylkesnivå og nasjonalt har desse fire partia vore positive til fjorddeponi.

Venstre prøvde i regjeringsforhandlingane på Jeløya i 2018 å få Høgre og FrP til å snu i saka, utan å lykkast. Saka var på nytt aktuell i regjeringsforhandlingane på Granavolden i 2019, utan at Venstre og KrF fekk gjennomslag. Motargumenta frå dei andre partia var at det er tvilsamt om det er mogleg å trekke tilbake løyvet til fjorddeponi utan å pådra staten eit massivt erstatningsansvar. Det som likevel er eit lyspunkt, og som vil vere nyttig både med tanke på framtidige gruveprosjekt og dei to som i dag er på myndigheitene sitt bord, er at Venstre fekk gjennomslag for at det ikkje vil bli gitt løyve til nye sjødeponi i regjeringsperioden. Venstre har også sikra at minerallova skal evaluerast, nettopp for sikre at miljøomsyn blir ivareteke, og det er presisert at det skal gjerast ei særskilt vurdering av om lovverket for avfallsdeponering i gruveindustrien er godt nok.

Like fullt er det dagens firepartiregjering som har gitt det endelege driftsløyvet til gruvedrifta i Kvalsund, og det må også Venstre vere med å ta ansvar for. Kritiske røyster spør no om kvifor vi ikkje går ut av regjeringa, men kva nytte hadde det hatt? Løyva til sjødeponi vart gitt i 2016, og ei regjering med SP og Ap ville garantert også måtte opprettheldt dei.

Det er likevel lov å vere skuffa og sint, og frå Sunnfjord Venstre si side skal vi kjempe vidare for reine fjordar både lokalt og opp mot eiga regjering. Norge er eitt av ytterst få land i verda som framleis gir løyve til sjødeponi, trass i at dei to siste er nasjonale laksefjordar og viktige gytefelt, samt at deponia kan skade både artar som er raudlista og øydeleggje for sjømatnæringa og turisme. Bilda og undersøkingane frå Jøssingfjorden i Sokndal er skremmande nok. Sjølv meir enn 30 år etter at fjorden sist vart brukt som deponi for gruvedrift er det nesten ikkje liv på botnen. Skulle dei to deponia i Repparfjorden og Førdefjorden bli ein realitet, vil det vere ein skamplett i norsk miljøhistorie.

No må vi samle alle gode krefter i kampen vidare for reine fjordar – utan gruvedeponi!

Styret i Sunnfjord Venstre: Åge Avedal (leiar), Vigdis Tonning (nestleiar), Birgit Tansøy, Ole-Magnus Kapstad, Eivind Standal Husabø.