Krev at Mork og Aure vidareførast

Ragnhild Helseth, Møre og Romsdal Venstre

Fylkesleiarane som representerer regjeringspartia Høgre, FrP, Venstre og KrF har gått saman om ein uttale der dei krev at rehabiliteringssentera i Aure og Volda vidareførast. Uttalen blei publisert i fleire av fylkets aviser.

Det spesialiserte rehabiliteringstilbodet i fylket er no under vurdering og Helse Møre og Romsdal har gjennomført ei risiko- og sårbarheitsanalyse av å samle dette tilbodet på ein stad.

Frå denne analysen kjem det fram følgande moment:

  • Det er fare for at ikkje alle i fylket får likeverdige tenester, uavhengig av alder og kvar folk bur.
  • Det er fare for at det blir meir liggetid på sjukehusa.
  • Det vil kunne bli meir press på kommunane.
  • Og det er stor fare for å miste dei tverrfaglege kompetansemiljø

Tilbodet som vert gitt ved Mork og Aure Rehabiliteringssenter sikrar vidareføring av viktig spisskompetanse innan rehabilitering. ROS-analysa som er gjort av Helse Møre og Romsdal syner at ein ikkje kan samle all rehabilitering i fylket på ein stad. For mange kommunar vil det vere svært kjevande å overta den funksjonen som Mork og Aure no tilbyr og vi fryktar at konsekvensen av ei nedlegging av desse, gir eit dårlegare tilbod til pasientane i mange kommunar.

På denne bakgrunnen vil vi difor kreve at drifta ved Mork Rehabiliteringssenter i Volda og Aure rehabiliteringssenter vert ført vidare.

 

Dag Olav Tennfjord, fylkesleiar, Møre og Romsdal Høgre

Randi W. Frisvoll, fylkesleiar, Møre og Romsdal KrF

Frank Sve, fylkesleiar, Møre og Romsdal Frp

Ragnhild Helseth, fylkesleiar, Møre og Romsdal Venstre