#VenstreLM: Ynskjer aukt finansiering til Nysnø

Foto: iStock

Rogaland Venstre vedtok på fylkesårsmøtet i februar å oversenda ein politisk uttale om aukte midlar til Nysnø. Under helgas landsmøte i Venstre fekk to forslag frå vår delegasjon om klimainvesteringsfondet fleirtall.

Delegaten vår frå Stavanger, Jan Erik Søndeland, var på talarstolen for å forsvara forslaget. – Nysnø har allereie investert i tre selskap som arbeidar med gode klimaløysningar. Men for å sikra at det er føreseieleg og musklar til å bli ein stor og viktig aktør i fornybarmarkedet, må Nysnø få meir pengar. Grøn næringsvekst er framtida. Nysnø skal bidra til å sikra at Noreg blir ein grøn nasjon og ein grøn energistormakt, sa Søndeland i sitt innlegg søndag føremiddag.

Nysnø er eit tiltak initiert av Venstres nestleiar, Terje Breivik, og han har vore særs engasjert i opprettinga. I 2018 fekk fondet tilførd 200 millionar kroner i startkapital, og fondet har kontor i Stavanger.

Jan Erik Søndeland under helgas landsmøte

Forslaga som blei vedteke er:

  • Tilføre Nysnø et kapitalbeløp i milliardklassen i statsbudsjettet for 2020.
  • Sikre en forutsigbar opptrapping av årlig tilført investeringskapital for Nysnø frem mot en total på 20 milliarder kroner innen 2024.

Les heile den politiske fråsegna her.