Venstres landsmøte: Vil ikkje ha særskatt på fiskeri og havbruk

Sogn og Fjordane sin delegasjon i lag med Raja, Skjelstad og Farstad
Sogn og Fjordane sin delegasjon i lag med Raja, Skjelstad og Farstad, Foto: Venstre

Venstres landsmøte vedtok i helga at partiet er kritisk til ein grunnrenteskatt på fiskeri- og havbruksnæringane. Ei mulig innføring av ein skatt er under utgreiing. Venstre varslar no at partiet stiller seg på fiskeri- og havbruksnæringa si side i saka.

– Ei lønsam og berekraftig fiskeri- og havbruksnæring med gode rammevilkår er avgjerande for vekst og utvikling på kysten. Ein slik særskatt kan slå beina under utviklinga av ei svært viktig næring på kysten, i distrikta og for framtida, slo Gunhild Berge Stang, fylkesordførarkandidat for Vestland Venstre fast under Venstre sitt landsmøte i helga.

F.v. Gunhild Berge Stang, Jacob Nødseth og Alfred Bjørlo
F.v. Gunhild Berge Stang, Jacob Nødseth og Alfred Bjørlo

Både Gunhild Berge Stang og Venstre sine ordførarkandidat i Stad, Alfred Bjørlo, tok på Venstre sitt landsmøte til motmæle mot forslaget om å vurdere ein grunnrenteskatt av havbruksnæringane. Søndag vart det klart at dei fekk støtte frå fleirtalet på landmøtet, herunder Venstre sin finanspolitiske talsmann, Abid Raja og Venstres næringspolitiske talsmann, André M. Skjelstad.

– Fiskeri og havbruk er ei næring eigd av lokale, private verdiskaparar som allereie legg att svært mykje i lokalsamfunna på kysten, seier Alfred Bjørlo og held fram:

– Vi snakkar om ei næring som nett no går godt, men som framover må bruke overskota sine til å rigge seg for framtida fordi den byr på mindre lønnsemd og større internasjonal konkurranse. Norsk havbruk sitt viktigaste konkurransefortrinn er å vere ei rein næring, seier Bjørlo.

– Dette er ein særskatt som betyr forskjellsbehandling mellom næringane, og som systematisk flyttar skattebyrde bort frå til dømes multinasjonale selskap og over på distriktsnæringar. Er det rett å skattlegge ein type naturressurs, men ikkje andre? Ein styrtrik eigedomsbaron i Oslo som eig attraktive areal, tener seg definitivt rik på ein naturressurs og eit knappheitsgode. Kvifor skal ikkje han få same skattebyrda? undrar Gunhild Berge Stang.

Gunhild Berge Stang er som fylkesordførarkandidat for nye Vestland fylke svært opptatt av å styrke næringslivet i distrikta og på kysten.