#VenstreLM: Levande lokalsamfunn i heile landet

SONY DSC, Foto: Rogaland Venstre

Under Venstres landsmøte i helga blei fråsegna Levande lokalsamfunn i heile landet vedteke. For oss var det av stor viktigheit at delar av vår fråsegn om ras- og flaumsikring blei tatt med vidare.

Nationen skreiv ein dag før landsmøte starta om at me i Rogaland Venstre etterlyste ein nasjonal plan for ras- og flaumsikring. Fylkesleiar Kjartan Alexander Lunde viste til at me særleg sør i Rogaland har opplevd ein del flaum, være seg ekstremvêret Synne i 2015. – I 2015 opplevde sørfylket mykje skader på både infrastruktur, hus og innafor landbruket. Vårt forslag var å auke midlane til NVE, sa Lunde til Nationen.

I fråsegna som blei vedteke 10. mars på Venstres landsmøte, er det eit spissa fokus på at heile landet skal ha tilgang på god infrastruktur. Vegnettet må prioriterast, då særleg strekningar på Europaveger som ikkje i dag har gul midtstripe, og sikra mot ras og flaum.

I Venstres distriktpolitiske utval har Rogaland vore representerte gjennom John-Arivd Eik frå Lund Venstre, og Eik var fleire gonger på talarstolen i løpet av sesjonen kor fråsegna blei diskutert.

– Landbruket blir særleg svekka av ras- og flaumkatastrofer, og jo meir ekstremvêr me opplever, jo større blir behovet for ein nasjonal plan, sa Eik frå landsmøtets talarstol. Han spelte også inn fleire andre tiltak i fråsegna. Heile fråsegna kan du lesa her.