Praktisk miljøpolitikk – Ålesund Venstre deltok på strandrydding

Arild Terje Antonsen
Ålesund Venstre og Skodje Frilynde Ungdomslag plukka 150 kg plast på ei strand ved Skodje 2. mai.

F.v. Fride Sortehaug, Kari Grindvik og Arild T. Antonsen.

Det var 15 store og små som deltok med pågangsmot i skikkelig vår- og snøvêr.

15% av alt marint avfall kjem frå land. Plastsøppel vert saktare nedbrote i havet enn på land. Ved å plukke plast på stranda får Venstre omsett vår miljøpolitikk til praktisk handling og bidreg til plastfrie strender i kommunen vår!

Vi heiar fram skuleklasser, idrettslag, og organisasjoner som har strandryddeaksjonar. Og ikkje minst dei mange enkeltpersonane som plukkar plast i fjøra året rundt. Vi oppfordrar alle til å bidra med ein kilo eller to.