Ishavsmuseet, Bygdepride og Polarstar

Stortingsrepresentant Grunde Kreken Almeland (V) som sit i familie- og kulturkomiteen på Stortinget vitja Søre Sunnmøre i helga. Han fekk oppleve alt frå Luks-bruslansering og Bygdeprideparade i Volda, folkefest på Sæbø, ishavshistorie i Brandal, fjordtur med Polarstar, idrettsanlegg i Ulstein og ikkje minst sol og mykje fin natur!

Han fekk mellom anna ei god omvising på Ishavsmuseet, som oppfølging på møtet Annika Brandal, Willy Nesset og Anders Riise hadde på Stortinget i fjor haust med Almeland, der dei tre presenterte planane for arbeid med nasjonalt dokumentasjonssenter for selfangst. Almeland ga tydlig inntrykk av at han var imponert over arbeidet som er lagt ned på Ishavsmuseet.

Både Hareid Venstre, Volda Venstre og Møre og Romsdal Unge Venstre tok også del i Bygdeprideparaden, saman med fleire tusen andre. Eit flott gjennomført arrangement.

Søndag inviterte Willy Nesset til tur med Polarstar, som hadde Sæbø som mål. Der venta eit folkehav på kaia for å oppleve både skuta og veteranbilar. Almeland fekk eit godt innblikk i historia til Polarstar, og møte med fleire ishavsfolk, deriblant ishavsdronninga Else Karlsen (90).

Fleire bilder frå helga finn du på Hareid Venstre si Facebook-side.